Ei forheksing har gjort piloten Marco om til ein gris, i skjul frå fascistar og luftpiratar held han bolig under parasollen på ei bortgøymt øy, når han ikkje vankar i baren på Hotell Adriano på kveldstid. Filmen tek overraskanda lite tak i forheksinga og personen Porco Rosso (tidl. Marco), men dreiar meir innpå eit enkelt tidsrom der flyen hans blir smadra og han sidan skal duellere med ein amerikansk luftpirat. Handlinga er i all enkelheit spennande nok, med hav, øyer og luftig animasjon er det også godsaker for augo her. Saknar meir historie rundt personen Porco Rosso, elles greit.
