Ladri di biciclette (1948)

IMDb: 8.3/10 (14,909 votes)

Sykkeltyvene«The Bicycle Thief» eller «Sykkeltyvene» er ein film eg skammar meg over ikkje Ã¥ ha sett før, dÃ¥ den er ein ganske viktig film for den italienske neorealismen — og eg har vore klar over det. Sant skal seiast sÃ¥ har eg ikkje sett noko til dei tidlege filmane i den franske bølga heller, sÃ¥ det er nok av materiale Ã¥ oppdatere seg pÃ¥. Men der i motsett til her har eg eigentleg aldri vore klar over nokon spesielle titlar eller namn.

Møte med «Sykkeltyvene» var eit etterlengta eit fordi det har seg slik at eg har sett slutten pÃ¥ den tidlegare, her kjem desperasjonen fram pÃ¥ tydeleg vis utan at spora pÃ¥ dei mildare komiske innslaga forsvinn heilt. Dette er kjenneteikn for filmen i si heilheit, som eit viktig tilskot til den itanliensk neorealismen er temaet dei harde levekÃ¥ra til ein enkel arbeidar i eit etterkrigsprega Roma. Skildringa er brutal og det blir ikkje gjort noko forsøk pÃ¥ Ã¥ skape ei lykkeleg historie. Heldigvis for ein filmgjengar som meg, mindre glad i den absolutte kalde og triste filmen, er det nokre flotte innskot av lun humor i form av ein barnleg og spontan gutunge — sonen til mannen med sykkelen — som i likskap med dei andre amatørskodespelarane i filmen (eigentleg vanlege folk) passar inn bra.

Halvannan time går fort unna og den enkelt fortalte handlinga held seg frisk og fin frå ein ende til annan. Dette var så fornøyeleg at det einaste eg veit å utsette noko på var ei ufullstendig teksting på DVDen.

8/10
Publisert 9. desember 2007 kl. 21:46 i Alle, Drama merka som , , .

Ein kommentar til Ladri di biciclette (1948)

  1. TMwtP

    En trist og kjempefin film.

Skriv ein kommentar