12. august 2012

Last Stop for Paul (2006)

Av Asbjørn Ness

Last Stop for Paul (2006)

IMDb: 5.9/10 from 368 users

Forarbeidet mitt før eg ser filmar er ikkje alltid så godt. Last Stop for Paul var ein av dei liste-filmane eg over ser utan å stille spørsmål ved. Filmen var på ei liste over reisefilmar.

Dette er ein lågbudsjetts handhalde kamera-produksjon der protagonisten også er regissør, manusforfattar og produsent. Det er ingen filmcrew bortsett frå kameramann, og det er ingen skodespelarar. Alle folka vi møter er ekte mennesker som filmskaparen Mandt har fått til å sei ting på film.

Trass i å vere laga på denne måten så er Last Stop for Paul ein god film som fungerer godt. Han fangar det som er bra ved å reise og ved å vere spontan ute på tur. Folka, maten og problema.

4/5

Om innlegget