I forbindelse med rundinga av 800 reine filmpostar, ekskludert tv og andre samlepostar, hadde eg tenkt å ha ei forslagsrunde på kva film eg kunne feire det runde talet med. Når eg så skulle til å skrive om Clint Eastwood sin andre del av det tosidige krigsfilmdramet om kampane på den japanske øya Iwo Jima, merka eg at dette var film nummer 800, så der gikk planen i vasken.
«Letters from Iwo Jima» er altså den andre krigsfilmen frå Eastwood på relativt kort tid, og heng på sett og vis saman med «Flags of Our Fathers». Den føregår samtidig, men me blir fortalt historia om kampane frå japansk pespektiv, tilsynelatande utan innblanding av amerikanske synspunkt.
Det er ikkje til å legge skjul på at eg såg fram til denne filmen etter å ha blitt positivt overraske over det «Flags of Our Fathers» bydde på. Eg enda opp med å bli svært så skuffa! Historia tilseier at den japanske sida taper, og det ville vore naturleg å føle sympati med den triste skjebna til tvangsinnkalla japanske borgarar. Framstillinga blir for kald og kjenslelaus til at eg kan klare å engasjere meg.
Fargane er så nedtona at det er på grensa til å vere svart/kvitt, noko eg slettes ikkje ser poenget med, og som øydelegg mykje for meg. Samtidig blir kvar einaste scene strekt ut i det uuthaldelege, utan at tankane til personane bak eventuelle nærbilde blir tydelegare av den grunn.
Eg kan sei mykje eg ikkje likte om filmen, men kjem ikkje unna at den er teknisk velprodusert. Eit par slag i ansiktet på erkeamerikansk tankegong gir små stikk av glede i ein film som står igjen som bleik i forhold til sin brorfilm «Flags of Our Fathers».
