
Corey Haim skal ta lappen, men feilar. Likevel blir det ei natt på byen i bestefar sin Cadillac. «License to Drive» består av ei rekke dumme val som skapar mykje trøbbel for hovudrolla, det er til å irritere seg grøn over å følgje ein så dustete person. Men så glimtar filmen til med flott bilkøyring og nokre hårreisande stunts, som reddar den i frå å gruse seg sjølv fullstendig. Haim beviser ingenting med skodespelet sitt her, og eg er spent på kor stor bløff han eigentleg var. «License to Drive» har iallfall lite å komme med forutan Corey-duoen samla.
