Det er noko eige med japansk rockemusikk, og det er som oftast ikkje songstemma. Kven hugsar ikkje The 5.6.7.8′s frÃ¥ «Kill Bill» med sin Woo Hoo, det var ikkje akkurat praktfulle stemmer som gjorde susen der, men meir energien.
Slik blir det med jentebandet i denne japanske musikkfilmen, det er ikkje topp kvalitet reint teknisk, men eg gir absolutt kudos til framsyning. Elles var det som eg likte og la mest merke til filmen den litt småsky oppførselen og ungdomslege uskuldigheitene når det kjem til det motsette kjønn.
