Litt om dei fire siste filmane i Olsenbandenserien

(Ness:) Roar hadde lyst til å fullføre Olsenbandenløpet han starta på Filmdagbok for eit år sidan. Sjølv hadde eg lyst å lese dette, og stod ikkje i vegen for å publisere innlegget.

Olsenbanden gir seg aldri (1981, Bohwim)

olsenbanden-11Me har bevega oss over til 80-talet, og Olsenbanden har enno ikkje gitt seg. Denne gongen tenkjer Egon stort. Ved å få tak i eit skjult rekneskap i Team Finans har banden sjansen til å skaffe seg stormagasinet Steen & Strøm.  Men alt går ikkje som planlagt. Hovudmotstandarar denne gongen er finansmeklar Bang-Johansen og hans fullmektig Hallandsen. Og kriminalbetjent Hermansen er sjølvsagt på sporet av saka.

Ikkje blandt dei mest minneverdige filmane i serien, sjølv om det er einskilde morosame scener innimellom.

Vurdering: 7 av 10

Olsenbandens aller siste kupp (1982, Bohwim)

olsenbanden-12Våpenhandel til 1 milliard kroner, og Olsenbanden blir sjølvsagt innblanda. Denne gongen er det forsikringsselskapet Høye Nord og kvitsnippane Bang-Johansen og Hallandsen som skal lurast. Høye Nord har over lengre tid føreteke seg ei rekkje lyssky transaksjonar, noko Egon veit alt om. Han har planane klare for det han trur blir banden sitt siste kupp. Noko som skal visa seg vanskelegare enn først venta. Forsikringsselskapet har nemleg danske Biffen som vaktmann, og han vil gjerne at Egon skal forsvinna for godt på mest mogleg brutalt vis. Eit lite syrebad kan vera tingen.

Sannsynlegvis den aller beste av filmane i serien. Her kunne dei avslutta filmserien på topp. Fleire gode skodespelarar i minneverdige biroller. Kan m.a. nemna Alf Nordvang som Bang-Johansen, Ivar Nørve som gjentek rolla si som Hallandsen frå den forrige filmen, Harald Heide-Steen Jr. som taxisjåfør og Rolv Wesenlund som klåfingra reingjeringsinspektør. Og Biffen sine metodar blir meir og meir oppfinnsame. Alt i alt er dette nære toppscore pga. av gode skodespelarar, fleire morosame scener i tillegg til stødig og god regi av Knut Bohwim.

Vurdering: 9 av 10

Men Olsenbanden var ikke død (1984, Bohwim)

men-olsenbanden-var-ikke-dc3b8dDen nest siste filmen i serien. Samstundes er det den siste med Carsten Byhring (Kjell) og Sverre Wilberg (Hermansen), som begge gjekk bort før den siste filmen i 1999. Sjølv om filmen vart laga i 1984, kan ein seia at nokre av episodane i filmen har vore aktuell for dei siste års nyhendebilete. Det dreier seg nemleg om illegalt sal av Edvard Munch-bilete. Valborg har vore på kunstmålarkurs på friundervisninga, og der har ho lært seg å måla som ein ekte Munch. Ho har i tillegg fått seg vaskejobb på Munchmuseet, og dermed har Egon planen klar. Han vil bytta ut Munch sine originale måleri på Munchmuseet med Valborg sine kopiar, og selja unna dei verdifulle kunstverka til nokre franskmenn med skumle planar. Den danske rivalen Biffen lurer også i bakgrunnen.

Dette er forøvrig den einaste filmen i serien som ikkje er basert på det danske orginalmanuset av Erik Balling og Henning Bahs. Manuset denne gongen er av Gustav Kramer og Knut Bohwim. Dette er ein heilt vanleg Olsenbandenfilm der medlemmane rutinerte (og kanskje litt slitne) trer inn i rollene sine på ein kjend måte. Ein veit kva ein får, så skuffa vert ein ikkje. Det einaste eg har å utsetja på er sjølve slutten av filmen, som kunne vore betre gjennomført som ein hyllest til skodespelarane som hadde vore med gjennom 16 år frå den første filmen i 1969. Likevel reknar eg denne fimen for å vera ein av dei beste i serien. Filmen inneheld den best gjennomførte biljakta i serien, ein artig dialog mellom vaktmann på Munchmuseet (Jon Skolmen) og kriminalbetjent Hermansen, og Per Tofte, som spelar Cap Cheval, både ser og høyrer ut som ein fransk kunstsamlar. Me får eit flott bilete av korleis Oslo såg ut på 80-talet, og denne gongen også flott location i Monte Carlo og Nice.

Vurdering: 8 av 10

Olsenbandens siste stikk (1999, Bohwim)

olsenbanden-1415 år etter forrige film er banden tilbake. Egon er plukka ut som gjest til TV-programmet «På godfot med lidelsen», og i kjend stil rasar han mot alt og alle. Han er svikta, oversett og gløymd. Som ved eit mirakel dukkar både skalken og den stripete dressen frå gamle dagar plutseleg opp, og Egon er klar for nye planar. Både Benny og Dynamitt-Harry får med seg Egon si tv-opptreden, og dermed er deler av banden samla igjen. Nok eit Franz Jæger-pengeskap skal opnast. Samstundes har dei avslørande Wandenberg-dokumenta dukka opp på bagasjebandet på gamle Fornebu, noko Egon har fått med seg.

Kritikarane var stort sett lunkne til denne siste filmen i serien, med unnatak av Dagbladet som gav filmen ein femmar på terningen. Tempoet er uvanleg lågt til sjølv ein Olsenbandenfilm å vera, det blir for lite fart og sprell. Likevel presterar skodespelarane opp mot sitt beste, spesielt Harald Heide-Steen Jr. og Sverre Holm finn fort attende til rollane sine og dei har ein del morosame replikkar. Elles kan det seiast at Carsten Byhring og Sverre Wilberg er sterkt sakna i denne filmen, ein Olsenbandenfilm utan desse to dyktige skodespelarane blir ikkje akkurat det same. I alt ein OK film i serien, som ikkje når opp til dei beste filmane i serien på 1970- og 80-talet. Filmen har riktignok nokre artige scener som trekk litt opp.

Vurdering: 6 av 10

gir-seg-aldriTil slutt ei rangering av alle Olsenbandenfilmane, beste først:
1) Olsenbandens aller siste kupp (1982, Bohwim)
2) Olsenbanden & Dynamitt-Harry på sporet (1977, Bohwim)
3) Olsenbanden og Data-Harry sprenger Verdensbanken (1978, Bohwim)
4) Men Olsenbanden var ikke død (1984, Bohwim)
5) Olsenbanden og Dynamitt-Harry mot nye høyder (1979, Bohwim)
6) Olsenbandens siste bedrifter (1975, Andersen)
7) Olsenbanden for full musikk (1976, Bohwim)
8) Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amok (1973, Bohwim)
9) Olsenbanden gir seg aldri (1981, Bohwim)
10) Olsenbanden-Operasjon Egon (1969, Bohwim)
11) Olsenbandens siste stikk (1999, Bohwim)
12) Olsenbanden og Dynamitt-Harry (1970, Kant)
13) Olsenbanden tar gull (1972, Bohwim)
14) Olsenbanden møter kongen og knekten (1974, Bohwim)

7 Responses to “Litt om dei fire siste filmane i Olsenbandenserien”

  1. Iversen Says:

    Tror nesten jeg må kjøpe den Olsen-boksen som er ute nå. Bra blogga, Roar!

  2. ness Says:

    Du har, ikkje overraskande for oss som kjenner deg, gode og mange kunnskapar om Olsenbanden og ikkje minst ei god oversikt, har difor heller ikkje stått i vegen for at innlegga dine i tillegg til vurderande ovanfor filmane har vore godt informative. God innsats!

  3. Roar Says:

    Takk for det. Hyggeleg med positive tilbakemeldingar. På VG – Listefeber ligg forøvrig “Olsenbanden og Data-Harry sprenger Verdensbanken” foreløpig på topp (http://lister.vg.no/?do=show&id=7838)av filmane i serien. Hadde vore artig om nokon hadde kome med si rangering av filmane i kommentarfeltet. Har eit inntrykk av at “Olsenbanden og Data-Harry sprenger Verdensbanken” og “Olsenbanden for full musikk” ofte blir rangert øverst.

  4. Børge Says:

    Gratulerar med flott innsats, Roar! Har lært mykje om desse norske filmskattane gjennom innlegga dine. Interessant å få oppleva dine tankar rundt filmar du verkeleg likar og har sett deg grundig inn i. Det har vorte eit solid og oversikteleg produkt prega av kjærleik til og glede over materialet du har teke føre deg!

    Skal eg følgje ditt eksempel med ei rangering, ville eg nok ha hatt desse på topp 5:

    1. “Olsenbandens aller siste kupp”
    2. “OB & Data-H. sprenger verdensbanken”
    3. “Men OB var ikke død!”
    4. “OB & Dynamitt-H. på sporet”
    5. “OB & Dynamitt-H. mot nye høyder”

  5. Espen Hernes Says:

    Hei, lurer på om denne sida er operativ. Kom over den i dag og synes det er spennende med synspunkter om Olsenbanden, som har fulgt meg hele livet. Jeg er selv opptatt av historie. Derfor er jeg også opptatt av at alt skal være riktig. Jeg har tidligere opplevd at folk som selv har opplevd historier ikke er de beste til å huske detaljene, f.eks tid, sted o.l.
    Knut Bohwim fortalte til ostkantfolk.no at huset til Kjell og Valborg lå i Norderhovgata 1, men han blandet nok litt for det var vel i Ullensaker gate 2?

    I noen av filmene bodde Kjell og Valborg i andre
    hus, f.eks i krysset Nannestadgt/Brinken (Ols.b.og dynamittHarry på sporet) som nå er revet.

    Det jeg imidlertid ikke vet er hvor de bodde i “ols.b. og dataHarry spreng. verd.banken”? Og finnes det noen forklaring på hvorfor de bodde ulike steder?

  6. ness Says:

    Sida er framleis operativ, sjekk publiseringsdatoar på framsida. Olsenbandenspørsmål kan Roar her svare på.

  7. Roar Says:

    Hei. Flott at det er fleire som er interessert i Olsenbanden! I Olsenbanden og Data-Harry sprenger Verdensbanken (1978) budde Kjell og Valborg i Langgata ifølgje “location”-moglegheiten på dvd-en av filmen. Det same gjorde dei i Olsenbanden og Dynamitt-Harry mot nye høyder (1979). I Olsenbanden gir seg aldri (1981) budde dei forøvrig i høyblokk på Sandaker. I Olsenbandens aller siste kupp (1982) var dei tilbake i Ullensakergata, eller Kampen som Benny seier i starten av filmen. Veit dessverre ikkje om noko forklaring på kvifor dei budde på ulike stader. For meir info om Olsenbanden sjå forøvrig dette intervjuet med regissør Knut Bohwim: http://www.akersposten.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20090215/KULTUR/895020708. I tillegg står det ein del info om banden på Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Olsenbanden.

Leave a Reply