Forsøket er eit godt eit, men Lønsj blir med stilen, og ei halvveges fortalt historie. Den set det heile i gong med ein prolog, etterfylgd av introduksjon av karakterane og byrjinga på nokre små problem. Etter dette skjer det frykteleg lite, og filmen får aldri eit klimaks, som den heilt i frå starten av verka å sikte seg inn mot.
Filmar som tek eit lite stykke av liva til nokre karakterar, koplar desse laust saman i eit felles fiksjonsunivers, kan godt vere gode filmar. Kravet er då at karakterane er godt skrive, eller at dei blir fletta inn i hendingar som klarar å trekke fokuset vekk frå eventuell mangel på slike. Lønsj har ikkje så interessante karakterar, det einaste inntrykket me får er av problema desse har, men verken korleis dei har hamna dit hen, eller at dei behandlar problema sine. Det blir som å observere eit flott smørbrød på ein tallerken, men sjølv om du er svolten, står du heller å ser på smørbrødet til det ikkje er fullt så delikat lengre. Meiningslaust. Lønsj er litt meiningslaus, men positivt innstilt til filmen som eg var, så kunne eg sjå potensiale til ein betre film i dette, og eg likte både stil, stemning og oppbygging, sjølv om mangelen på å fullføre det sistnemnte prega tanken mot slutten.
Det eg vil fram til, er at dette er ein grei film ganske lenge, men skuffar dit hen ein bør kunne forvente at trådar blei samla, i det minste for dei individuelle. Eg er raus med karakteren sånn sett, men det er fordi det var fleire deler av filmen eg likte, undervegs.
