Love Actually (2003)

IMDb: 7.9/10 (87,400 votes)

love_actually_ver3Luke nr. 3. Kvar gong svarar den til forventingane, «Love Actually» eg alltid set pris på eit gjensyn med og den set meg i god stemning. Om det er fordi eg let britar sleppe unna med meir sentimentalitet, fordi blandinga av komedie og drama her er råfin, eller fordi den er full av skodespelarar eg har eit godt forhold til, det kan vere.

Tittel og plakaten speglar innhaldet på treffande vis, det er ein kjærleiksfilm og det er ein film utan ei stor hovudrolle. I frå den britiske statsministeren i skapninga av Hugh Grant til ein sørgjande Liam Neeson, filmen er stykkja opp i mange små historier som alle heng saman på den enkle måten ved å ta plass i same fiksjonsunivers. Sjølv om historiene er mange blir ein sittande igjen med ei fullkommen oppleving. Ein fare med å ta med og ta for seg så mykje er å ikkje få tid nok til alt, men personane her er lette å bli kjente med og alt går glatt.

Handlingsreferatet er unødvendig, på forenkla vis ville eit slikt blitt keisamt, og elles ville det teke for stor plass. Kortfatta kan filmen skildrast som eit førjulskøyr i fleire menneske sitt kjensleliv, der det går veldig mykje opp og ned, tonen til filmen er likevel for det meste med på å gi deg små stikk av glede framfor noko anna.

«Love Actually» har som eg hinta til innleiingsvis høg gjensynsverdi, når jula nærmar seg får eg stadig lyst å sjå den igjen, sjølv om eg har sett den fleire gonger før. Ting som julehiten til den gamle rockeren Billy Mack (Bill Nighy) er ein av eit drøss småting i filmen som er sler an kvar gong. Ikkje nok med at eg trekk på smilebandet når eg ser den, men eg blir i steikje godt humør.

8/10
Publisert 3. desember 2009 kl. 09:00 i Alle, Comedy, Drama, Romance merka som , , .

Ein kommentar til Love Actually (2003)

  1. Iversen

    Jeg er veldig ambivalent til Love Actually. Jeg liker den veldig godt, men syns samtidig det er så mye trist innimellom all feelgooden, og det pleier jeg ofte å bruke mot den, av en eller annen grunn. Slutter meg til åtteren, og når jeg kommer hjem skal jeg spille Billy Mack!

Skriv ein kommentar