Love and Death (1975)

IMDb: 7.6/10 (10,525 votes)

Love and deathEin av dei meir fornøyelege filmane. Diane Keaton hypnotiserar med venleiken si og ikkje minst skodespelet, humoren ser ut til å treffe midtgolvet med mange kjappe replikkar i varierande komediestil. Filosofisk fundering over eksistensielle spørsmål går i forrykande tempo som er vanskeleg å halde tritt med, men bidreg ikkje mindre til å gi filmen meining omkring ein stor tittel som «Love and Death». Dessutan byr filmen på stadig framdrift, sirleg fornærming av Russland, slag i sida til jødedommen og Gud, Woody Allen på slagmarka og andre godbitar. Kan ikkje sei meg anna enn fornøgd med denne filmen.

8/10
Publisert 28. februar 2008 kl. 11:41 i Adventure, Alle, Comedy, War merka som , .

Skriv ein kommentar