Eg har lese boka, så det å forholde seg til filmen skulle bli interessant. Men så gjekk det utan problem, noko som i og for seg var det eg håpa. Filmen kutta ut ein haug med detaljar som er essensielle i boka, men det kjem den til gode, for det blir ein film til det fulle framfor ein film for adapsjonen sin del. Forskjellane undervegs er nok til å gjere det friskt, og til at eg aldri blir sittande å tenke at boka var betre. Ein svensk thriller på sitt beste er resultatet, med rom for innleving og nakkereisande reaksjonar.

oktober 9th, 2009 at 21:40
Meh.
Funka omtrent som en av de bedre dobbeltepsiodene av Beck for min del. Hva denne og oppfølgeren (og sikkert den tredje, når den kommer) egentlig gjør på kino er litt forbi meg.
oktober 10th, 2009 at 09:39
Ein uhyre svak film. Er i utgangspunktet skeptisk til krim, men etter den kollektive genierklæringa av Stieg Larsson hadde eg store forventningar. For ein kalkun.
Historia er dikotomisk banal, og overlet ingenting til fantasien. All djevelskap som finst blir bretta ut. Det er ikkje snakk om at sjåaren skal tenkje sjølv. Særleg blir forbrytarattributtane hamra inn: Skurken er mann, kvit, kapitalist, kvinnehatar, nazist og seriemordar. Ein karakter litt overlessa med onskap?
Som vanleg set Abrahamsen i Stavanger Aftenblad tinga på plass:
http://www.aftenbladet.no/kultur/film/1000096/Lang_og_urimelig_tv-krim.html
oktober 10th, 2009 at 10:36
Eg fÃ¥r ikkje terningkast 4 til Ã¥ stemme med omtalen til Abrahamsen. SÃ¥ teit, sÃ¥ lang og urimeleg, full av raddis-drit… men moro – og vips 4!
oktober 10th, 2009 at 10:45
Abrahamsen er ei gÃ¥te. Samansett og nyansert. FÃ¥r deg til Ã¥ reflektere. Heilt ulik «Män som hatar kvinnor».
oktober 10th, 2009 at 21:14
Vel, eg har ikkje så mykje tv-krim på samvitet, så den samanlikninga stiller eg blankt til. Såg derimot den første Varg Veum-filmen, utan å vere vidare imponert.