Match Point (2005)
Me møter Chris Wilton (Jonathan Rhys Meyers), ein ung og kjekk tennisinstruktør, som har lagt proffkarrieren på hylla til fordel for å lære rike å spele tennis. Ikkje lenge etter han har starta å jobbe ved eit eksklusivt klubbhus i London, møter han rikmannssonen Tom Hewett (Matthew Goode), som viser seg å ha ei pen søster, i skikkelse av Emily Mortimer. Chris utvikla eit forhold til søstra, som forsåvidt heiter Chloe, og er ikkje lenge etter gifta inn i ein av Londons velståande familiar. Med familien følger ein god jobb i svigersfar bedrift, og Chris ser ut til å ha alt.
Men så møter han Nola, det vil sei, han møter Nola igjen. For allereie tidlegare i filmen, mens Chris og Chloe framleis berre var forlova, møtte han Nola for første gong. Det var mens ho var forlova til Tom. Men no er situasjonen ein anna, Nola har ingen fast følge, og Chris har ingen problem med å ha eit forhold på sida.
Som følge av dette får me servert ein nervepirrande historie, der situasjonane ofte heng i ein veldig tynn tråd. Det er spennande, samt at Woody Allen klarar å få fram ein forskjell i måten ein ser Chris på. Med dette meinar eg at ofte når ein har med historiar som omhandlar utruskap, så er iallfall eg vandt med å oppleve same skepsismen til kva den utru personen unnskyldar seg for heile tida, som det blir framstilt at ektefellen har ovafor same personen.
Der er blitt sagt at dette er Woody Allen sin første verkeleg gode film på over eit tiår, ein påstand eg verken skal argumentere for eller i mot, ettersom eg på langt nær har sett alle filmane hans. Men at det også blir sagt at Allen er tilbake på topp med denne filmen, så vil eg få fram at dette ikkje er ein film av type «Annie Hall» eller «Manhattan», som er den type film eg forbinde Allen med. Likevel om dialogane kan verke temmeleg overfladiske i samanlikning med tidlegare filmar, så er det viktig å legge merke til at det meste her foregår på innsida. Mykje foregår på overflata og, og ting går til den grad så fort fram at det er ein lettelse når ein endeleg får ein stopp i historia og møter litt kritiske spørsmål mot handlinga. Men at historia går fort er ikkje utelukka ein negativ sak, for det «Match Point» gjer er så enkelt som å spole i tid og hoppe over alt som ikkje har relevans. Slik blir det ikkje langdrygt, likevel om filmen er lang.

april 8th, 2006 at 18:07
Da har du fått sett den, ja. Gjenstår fortsatt her. Stakk for øvrig innom for å ønske deg god påske!