«Melinda and Melinda» viste ein Woody Allen på veg tilbake mot toppen etter eit labert 90-tal og rustent tidleg 00-tal. Will Ferrell viser at han taklar meir seriøs komedie her, og Allen får nytte fleire dyktige og leverande skodespelarar i si filmatiske utforsking av skilje mellom komedie og tragedie. Filmen fungerar godt som både standard fiksjonsfilm og eit levande fortalt samtaleemne som opningsscena indikerar at det heile er. For meg er ramma rundt, og denne studien av situasjonen til Melinda, det som gjer den til noko ekstra forutan eit romantisk drama/ komedie, og får fram stemma til Allen.
