Miracle on 34th Street (1947)

IMDb: 7.9/10 from 15,692 users

Tjueandre luke i julekalender 2011 handlar om å tru på julenissen, og om retten til å vere julenissen. Når ingen trur på at Kris Kringle (Edmund Gwenn) er julenissen så må ei rettsak til for å bevise det.

Miracle on 34th Street blei lansert i mai. Filmselskapet var overbevist om at filmen kunne tene meir som ein sommarfilm. Julenissen blei flytta bakerst på filmplakaten og kledd i normale klede. At filmen handla om jula blei ikkje nemnt i promoteringa.

Men Miracle on 34th Street er utvilsamt ein julefilm. Kris Kringle eller julenissen har teke seg ein tur til New York for Ã¥ fÃ¥ folk til og tru pÃ¥ han igjen. I byen skapar han glede for bÃ¥de smÃ¥ og store. Som julenisse pÃ¥ kjøpesenteret Macy’s blir han ein innbringande attraksjon. Men sjølvsagt trur ikkje folk at han er julenissen. At han stadig pÃ¥stÃ¥r det blir eit problem, og a blir til b blir til rettsak.

Gode erfaringar med eldre rettsakfilmar gjer at ofte lyser opp når ein film tek den vendinga. Også i Miracle on 34th Street blir det rom til gode monologar. Men vel så viktig for filmen er det å følje Kringle og folka rundt han. Kringle har ein effekt på folk, og kvardagen i førjulstida blir prega av små begiveneheiter.

Miracle on 34th Street føyer seg inn dei førnøyelege rekkjer og passar godt nære jul.

7/10
Publisert 22. desember 2011 kl. 09:00 i Alle, Comedy, Drama, Family, Fantasy, Romance, Tweet merka som , , .

2 kommentarar til Miracle on 34th Street (1947)

  1. Thomas D.J.

    Denne her er helt nydelig! Klart bedre enn remaken fra 1994. Menne.. hvorfor «bare» 7/10? Hva trekker ned?

  2. Asbjørn Ness

    7 av 10 er ein solid karakter for meg. Eg tek det stort sett på magefølelsen. For å nå 8 må det stikke djupare, det må vere meir emosjonelt. Det er stort sett sånn eg vurderer drama. Men kvar film blir sett på sin måte.

    Det beste svaret vil nok bli at eg burde grunngi det betre i innlegget. At det er ein blogg er ikkje ei god unnskyldning. Likevel har det blitt ei vane å rable ned utan at tanke på bestemt sjanger eller form.

Skriv ein kommentar