29. desember 2011
Misfits sesong 3
IMDb: 8.6/10 from 38,205 users
Misfits er ein britisk ungdomsserie frå E4, underholdningskanalen til Channel 4. Serien handlar om ei gruppe småkriminelle ungdommar som gjer samfunnsteneste. Det spesielle er at ungdommane har overnaturlege krefter. Ei lyn treff gjengen i første episode, og biverknadane er indiviuelle krefter.
Tredje sesong har gjort eit par endringar. Robert Sheehan (Nathan) har blitt erstatta med Joseph Gilgun (Rudy). Ei tidlegare gjesterolle av Matthew McNulty (Seth) har komme tilbake i ei større rolle. Rudy er sesongens beste sjakktrekk og viktig nytt blod. Personlegheita hans skil seg ikkje så mykje frå Nathans, men han er mindre masete.
Utover i sesongen merkar eg at serien går på autopilot. Humoren er på plass, men det gode drama manglar. Dei beste episodane på tvers av alle sesongane er dei som går i djupna på karakterane. Tredje sesong fortel ikkje så mykje nytt.
Skins gjorde tiltak som hindra serien å ende opp som dette. I Skins blei alle bytt ut etter to sesongar, og dette blei gjenteke to sesongar etter det att. Det blei nyleg avslørt at Misfits blir forlenge utan Antonia Thomas (Alisha) og Iwan Rheon (Simon). Misfits kan halde seg viss nye og interessante karakterer blir introdusert, men oppskrifta blir den same.
