Modern Family sesong 1

24 episodar.

Den amerikanske versjonen av The Office har for lengst gått frå å vere full av god humor og engasjerande relasjonar, til å bli ein monoton repetisjon av seg sjølv. Formatet er det derimot ingenting dårleg med, og når Modern Family tek til seg den observasjonelle, dokumentariske stilen, er det igjen ein flau humor som klarar å markere seg på skjermen.

Modern Family kan ved sidan av å ha henta inspirasjon frå The Office, seiast å ha eit par likskapar med Arrested Development. Desse ligg i strukturen til serien, som er bygd opp rundt ein stor og delt familie, med tre generasjonar, og dei vidt forskjellige persontypane denne består av. Kritikken av TV-serien som medium og spesielt dei billege situasjonskomediene er i motsetnad til i Arrested Development, fråverande. Modern Family har eit sett med tradisjonelle eigenskapar i rollefigurane sine, og gjenkjennelege relasjonar mellom desse, som gjer at serien har ei trygg plattform under alle dei sprø uttrykka. Når alt kjem til alt er det rollefigurar med sympatiske trekk som du knyter eit forhold til, og her skil ikkje serien seg ut frå andre familiekomedier.

Men med latterboksen borte og ein obervasjonell forteljarmåte, og likevel eit fargerikt persongalleri som i ein god situasjonskomedie, så er Modern Family ein vellykka familiekomedie som kan anbefalast for dei som skulle jakte på ein ny komedie.

Publisert 19. juli 2010 kl. 15:19 i TV Ferdig merka som

4 kommentarar til Modern Family sesong 1

  1. Iversen

    Notert! Har leita litt etter kjentfolksvurdering av denne.

  2. venuOo

    Fy for en stygg ting å si om nydelige office! Jeg syns serien holder seg veldig bra, og selv om den har mistet det største drivet da Pam og Jim endelig ble sammen, syns jeg den har vist en overraskende evne til å fornye seg gjennom å introdusere nye handlingslinjer hele tiden (jeg har bare sett til og med sesong 5 da). Men noterer meg modern family til jeg får sjansen til å se den.

    Og vil bare slenge på at jeg liker bloggen din godt, har lest den av å på veldig lenge :)

  3. venuOo

    argh, av OG på, jeg vet ikke hva som skjer med meg.

  4. Asbjørn Ness

    Det har med måten eg vel å ordlegge meg på, då eg synst det er artigare å sette ting litt på spissen, men synst altså The Office er ein stort sett morsom serie. Eg har fulgt med heilt til det siste, og sikkert kjem til å følge til slutten. Greia her er at til tross for nye handlingslinjer, så blir det stadig mindre overraskande å sjå korleis folka i serien oppfører seg. Men det er jo sant at det er ein forskjell på det eg skriv i forhold til å vere dårleg.

    Og takk for påslenginga :)

Skriv ein kommentar