Modern Girls (1986)

IMDb: 4.8/10 (414 votes)

Tre jenter vimsar rundt på nattlivet, frustrert over utvalet av menn, og oppførselen til dei mennene dei får kontakt med.

Med Cynthia Gibb, Virginia Madsen og Daphne Zuniga i spissen, og Clayton Rohner på slep, tek «Modern Girls» oss med på ein kveld på byen med fort vil gløyme. Har du ikkje oversikt over kva desse skodespelarane har gjort, overraskar det ikkje. Sjølv kjente eg igjen Zuniga frå «One Tree Hill» og Rohner frå ein anna ungdomsfilm eg såg kort tid tilbake.

Middels kjente skodespelarar er sjølvsagt ingen hinder, men dette er ein keisam film som går under middels fort framover, handlar om lite, og heller ikkje klarar å få på plass noko kjærleikshistorie eg vil heie på. Reint bortsett frå å tenke ut kor eg har sett skodespelarane før, i byrjinga av filmen, er dette tamt, og det har problem med å fylle dei 80 minuttane filmen varer.

Eg kom meg likevel gjennom utan å ta livet av meg, og det at eg ikkje reiv av meg håret må vel òg svare for noko. Kall meg gjerne raus, men det blir ein firar på skalaen, mykje grunna samanlikning med andre trear-filmar innanfor sjangeren.

4/10
Publisert 6. april 2010 kl. 09:00 i Alle, Comedy merka som , , .

Skriv ein kommentar