Much Ado About Nothing (1993)

IMDb: 7.4/10 (20,755 votes)

much_ado_about_nothingEmma Thompson er herleg i denne Shakespeareadapsjonen av Kenneth Branagh, det er forøvrig Branagh òg. Som tittelen seier, det er stor ståhei for ingenting her, det handlar om eit par forhold og eit hav av løgner. Mykje snakking krev gode prestasjonar av skodespelarensemblet, og dei leverar. Handlinga er ikkje spesielt innfløkt, men humoren er vittig og språket er rikt. Og det er gøy å sjå kor langt folk her er villige til å gå for og stadfesta poenga sine og føre andre bak lyset. At stemninga er lett og tonen lys lettar på periodestykket, som elles kunne blitt tyngre fordøyeleg.

7/10
Publisert 18. mai 2009 kl. 07:00 i Alle, Comedy, Romance, War merka som , .

Skriv ein kommentar