Forstyrra vaksne prega av ein hard barndom med pedofili o.l. virka vere den perfekte oppskrifta for eit drama. Kevin Bacon har spelt i to utanom denne som eg kan komme på, «Sleepers» og «The Woodsman». Her har han følge med Tim Robbins og Sean Penn mellom anna. Og når den i tillegg er regissert av Clint Eastwood er den på god veg.
Eg har ingenting å utsette på denne, for det var ein absolutt god film. Litt lang gjorde den vanskeleg å hente fram frå filmbunken, men som lang film er det ein god film. Den føles godt samansett, og trekker ikkje ned på nokon spesielle områder.
