Eg er stor fan av det meste Jack Black gjer. Likevel om filmar som «Envy» og «King Kong» har skuffa, så har eg framleis stor respekt for mannen. Nacho Libre er i så måte ein av dei betre filmane hans.
Jared Hess, mannen bak «Napoleon Dynamite», står bak «Nacho Libre». Ser ein godt etter, eller berre etter i heile tatt, vil ein legge merke til at det er litt av same type humor. Men «Nacho Libre» er nok meir kommersiell enn «Napoleon Dynamite», utan tvil. Berre det å bruke Jack Black er eit godt trekk i seg sjølv. Når han attpåtil syng fleire songar så blir eg frelst.
For dei som har sett filmtraileren, så kan det seiast om filmen at den har eit lite hakk meir alvor i seg enn den. Det er meir enn morosame punchlines og hard slossing som ligg til grunn for denne filmen. Det går ikkje ut over at filmen er ein god komedie, så det gjer berre at den får ei aning djupn.
Sammenligna med fleire av filmane i Katakombe-programmet, så er det nok filmar med betre manus og slikt, men «Nacho Libre» står likevel ut av det fordi det var akkurat min type humor.
