Ni liv (1957)
29. mars 1943 kom Jan Baalsrud i lag med elleve andre om bord på fiskeskøyta «Bratholm» til Toftefjord i Troms. 1. juni same året kryssa han med hjelp grensa til Sverige, ingen av kameratane som starta reisa frå Shetland over 2 månader tidlegare var med.
Filmen «Ni liv» er basert på boka «We die alone» av David Howarth, denne er nok mest kjent som «Ni liv» i norskoversatt utgåve og er tross alt ei norsk historie, men då altså skildra av ein britisk historikar og forfattar, som interessant nok har skrive meir om Noreg i ettertid av den episke uthaldanheitshistoria som «Ni liv» er.
Skal eg beskrive dette som ein bestemt type film freistar det mest å sette den i eventyrsjangeren, av amerikanske adventure, me har ein protagonist med eit mål for ei handling som brått blir hindra og han må sette seg eit nytt mål, reisa mot dette målet er senteret for filmen og undervegs møter han på nok av hindringar av den skikkeleg seriøse varianten, til tider så tyngande at eit realistisk mål om å nå fram i live kjennes håplaust.
At eg let meg fascinere av norsk motstandsrøyrsle vil eg få fram, for nokre år sidan las eg boka og den stod framleis sterkt i minne før eg såg filmen no nyleg. Det var difor ei stor glede å sjå at «Ni liv» blir fortalt med like stor dramatikk gjennom levande bilder som ord i ei bok, historia er tydeleg og godt fortalt og filmen kan såleis opplevast på ein god måte uavhengig om du har lese boka eller ikkje. Sjølvsagt står det ikkje meg i mot å anbefale boka først som sist, den har det med å lime seg fast i hendene dine til du er ferdig med ho. Men her handlar det altså om filmen, som skal ha skryt for måte den har klart å framheve den viktige historien om Jan Baalsrud framfor alt, dei hindringane han møtte og det motet han og hjelparane undervegs viste.
