Skal ein først kalle ein film norsk, så kan Nord fungere godt som eksempel: Nasjonalromantisk i framstillinga av prangande, norsk vinternatur, og noko sår innvendig.
Jomar Henriksen (Christiansen) har det ikkje heilt godt med seg. Han drikk og gir faen, og har mest lyst til å vere innlagt på psykiatrisk. Dette før han får vite det han får vite, og legg ut på ei reise med snøscooteren sin, nordover. Undervegs, som er sjølve filmen, møter han nokre interessante menneske, i kjent road movie-stil.
Bortsett frå det teknisk filmatiske, som er praktfullt på alle måtar, er Nord litt nedtona, som for å spegle sinnet til protagonisten. Dette er ikkje eit nytt grep, men eit som er upåklageleg i bruken sin. Det er å føretrekke i road movies, føre filmar som prøve å toppe kvar nye stoppestad med drygare møte enn forrige. Nord prøve aldri for hardt å vere morosam, og lykkast godt med det.
Skulle eg trekkje nokon parallellar til anna norsk film, må det bli Den brysomme mannen. Desse to filmane har det same auge for flott kinematografi, og protagonistane kan minne litt om kvarandre, då dei ikkje har det heilt godt der dei er i livet. Samtidig er begge filmane komediar, bygd på relativt seriøse premiss.
