23 episodar.
Etter ca. 1 månad var eg så ferdig med den tredje sesongen av TV-serien om innbyggarane i Cicely, Alaska. Ein perle i i nordleg natur med eit innbyggartal på 215. Dette er forsåvidt ein oppdikt by eller ei bygd, med sin eigen historie som blir fotalt i episode 23.
Etter to korte sesongar er det duka for ein som er lengre enn dei to første samanlagt. Dette var uvant, ettersom eg i dei to første fekk akkurat sett så lite at eg «måtte» sjå meir. Her blir det nok, og eg har heller prioritert andre seriar framfor denne. Det er ikkje fordi «Northern Exposure» er dårleg på nokon måte, men den er perfekt som ein serie å falle tilbake på, med likandes rollefigurar og ein god atmosfære. Episodane varierar mellom kvardagsliv og historiar, og vippar gjerne over kanten til å bli fiksjon. Humoren er god og lun, men ikkje for den som forventar noko på linje av ein komedie eller sitcom. I tillegg dukkar det opp nok av problem, gjerne banale eller på trynet tullete problem, men eg klarar ikkje anna enn å like det.
Gjennom heile sesongen skjer det og ei forandring, det blir lagt mindre vekt pÃ¥ Joel Fleischman (Rob Marrow frÃ¥ bl.a. «Numb3rs»), og meir vekt pÃ¥ musikk. Ikkje noko direkte kopling mellom desse to eigentleg. Ei scene med tilleggsmusikk av Enya — Carribean Blue i episode 20 og historien om Cicely i episode 23 er to ting eg vil hugse for ei stund framover.
