«Observe and Report» er ein sånn komedie verda ikkje treng fleire av. Det handlar om ei sikkerheitsvakt på eit kjøpesenter, og kampen hans for å bevise at han er dyktig. I beste fall kan det gå, men det går sjelden bra. Resultatet er ein film som ikkje klarar å skjule eit lite innovativ plot, og som verkar som eit holete lappeteppe av halvgode spøkar. Seth Rogen har lenge vore ein halvfavoritt i eit blomstrande komediemiljø rundt mellom andre folk som Judd Apatow, men må no bevise at han ikkje berre har vore heldig. «Observe and Report» er ikkje verdt tiden.
