Odyssey 5 sesong 1

20 episodar.

Ein gong, dette er så langt tilbake i tid at opphavet for påstanden har gått tapt for meg, høyrte eg følgjande om det indiske folket sin måte å dømme film på: Var slutten god, ville filmen vere verd å sjå. Det motsette, så styrte dei unna.

Dette stemmer ikkje. Fans av TV-seriar som «Firefly» og «Deadwood» veit at handlinga undervegs er det viktige, mangelen på slutt kan faktisk føre til ei auka begeistring for sjølve reisa. Eg har på gode å vite om folk som har sett opp igjen «Firefly» meir enn to gonger, og ser korleis lysten på ei avslutning kan få ein til å søkje gjennom serien på nytt.

Dette gjeld TV-serie, og trass i at innlegget her handlar om ein TV-serie, skal eg kort sei eit par ord om sluttar i filmsamanheng. Kor mange gonger har du ikkje sett og likt ein film, for så å bli skuffa over ein svak slutt? Enkelte filmar er for gode til å slutte, det enkle punktumet balanserer ikkje den omfattande handlinga. Eksempel på det motsette finst, det er ikkje poenget mitt, men heller at ein svak slutt ikkje nødvendigvis betyr at resten av innhaldet er dårleg.

«Odyssey 5» har ingen slutt, trass i at det ikkje er FOX som står bak. Serien blei vist på Showtime, som i mindre grad enn reklamebaserte kabelnettverk brukar øksa. Det at Showtime valde å kansellere etter at berre 14 av dei 20 produserte episodane var sende, slår meg som oppsiktsvekkjande. For som påstått på fleire nettsider, kan eg bekrefte at serien sovidt fekk komme i gong i løpet av desse 20.

Det handlar om fem personar som frå eit romskip er vitne til at jordkloten imploderer. Dei møter så eit vesen som sender dei fem år tilbake i tid for å forhindre dette i å skje.

I løpet av sesongen blir me introdusert for ei omfattande og delvis uoversiktleg historie, men pÃ¥ den gode mÃ¥ten som vekkjer interessa for vidare forklaring. Ã… stoppe jordkloten frÃ¥ og implodere utan spor blir vrient, vegen er òg full av hinder i form av episodiske problem — litt i retning av sÃ¥nn som det er pÃ¥ «Buffy».

Så er «Odyssey 5» bra? Det mest gjeldande svaret er ja, her er det mykje god historie og fleire gode enkeltepisodar. Den gjennomgåande greia med vesen skapt gjennom intelligent programvare, for ikkje å snakke om det verdsromomspennande komplottet som blir introdusert i pilotepisoden. Serien har likevel nokre keisame svakheiter, den mest dramatiske er nok at det tok nettopp 20 episodar for serien å opne for det mest interessante problemet. Persongalleriet kunne hatt betre kjemi, her er det stort sett berre tendensar på gong. Peter Weller («RoboCop») er derimot sjef og balanserer så hårfint mellom glimt i auge og tidvis dårleg skodespel at sender meisteren sjølv, Bruce Campbell, ein tanke.

Eg kan konkludere med følgjande, at er du glad i sci-fi, tidsreiser og det som har med kunstig intelligens og gjere, samt set pris pÃ¥ ein kort serie — rett nok med open slutt — sÃ¥ kan «Odyssey 5» vere tingen for deg. Den fÃ¥r ikkje høgaste karakter av meg, men var verdt Ã¥ fÃ¥ med seg.

Publisert 24. februar 2010 kl. 00:27 i TV Ferdig merka som .

Skriv ein kommentar