Olsen-banden (1969)

(IMDb).

(Ness:) Roar er dedikert til Olsenbanden forutan å vere siste tilskot til dei få eg har overtala til å levere gjestemeldingar på Filmdagbok. Så sant han har lyst skal denne ferske filmbloggaren stå for fleire kunnskapsfyllte filmmeldingar av Olsenbanden i tida framover.

Den første filmen om den kjende banden. Det vart til slutt laga 14 filmar om banden, den første i 1969 og den siste i 1999. Olsenbanden vart funne opp av dei to danskar, Erik Balling og Henning Bahs. Den første danske filmen vart laga i 1968. Den norske regissøren Knut Bohwim fekk sjå den danske filmen, og kom på ideen om å laga ein norsk versjon av den. Han fekk med seg filmteamet Team Film A/S, og dermed var det den norske filmserien i gang.

Egon Olsen har, som nesten alltid elles, med seg ein plan når han kjem ut frå Botsfengselet. Denne gongen vil han ha med seg Benny og Kjell på å stjela ein gullfigur som tidlegare har tilhøyrt den tyske keisaren. Denne figuren skal no stillast ut i Oslo, og er streng bevakta av politi, TV-kamerar og alle slags alarmar. Men etter grundig planlegging er ikkje dette eit umogleg kupp for Olsenbanden å gjennomføra.

Denne første filmen i serien er grei nok, men det skulle koma betre filmar seinare om banden. Filmen skil seg litt frå dei andre filmane i serien ved at den er meir vaksen både i stilen og innhaldet. Ein del artige scener er det rett nok, spesielt dei som involverar kriminalbetjent Hermansen. Han vert jo nærast latterleggjort av både banden og sine eigne, for det er ikkje alt han gjer som er vellukka i sin kamp for å få tak i banden.

6/10
Publisert 8. januar 2008 kl. 20:01 i Comedy, Crime, Gjestemeldingar merka som , , .

Ein kommentar til Olsen-banden (1969)

  1. Asbjørn Ness

    Lenge sidan eg har sett denne altså, Olsenbanden har ikkje vore ei prioritering dei siste åra, utan at eg har spesielt mykje i mot filmserien. Ein veit jo kva ein går til, og med dei forventingane er det som regel morsomt, samtidig som det er ein del av norsk filmhistorie..

Skriv ein kommentar