Olsenbanden for full musikk (1976)

(IMDb)

For full musikkFilm nr. 7 i serien inneheld sannsynlegvis dei mest kjende scenene i heile serien, nemleg kuppet i Nationaltheateret når banden må sprenga seg gjennom fleire veggar i kjellaren medan det danske gjestespelet Elverhøj pågår. Mange av scenene her er klippt rett frå dei danske filmane og limt inn i dei norske, truleg for å spara både tid og pengar. Den danske og norske filmen blei forøvrig spelt inn same året, i utgangspunktet var denne filmen meint å vera nr. 8 i serien.

Denne gongen dreiar det heile seg om ein uerstatteleg Mingvase som banden skal stela mot ein god sum pengar. Oppdraget er gitt av vasen sin eigar, ein baron i akutt pengeknipe som skal prøva seg på litt forsikringssvindel. Dette passar glimrande, sidan utbyttet kan finansiera Kjell og Valborg sin son Basse sitt bryllaup. Men som vanleg er det ikkje alt som går på skinner. Det viser seg at Egon & Co blir forsøkt lurt av baronen. Det dei nemleg ikkje veit er at baronen samstundes har ein annan kjøpar på innerlomma, ein dansk forretningsmann. Dermed blir det nye farefylte situasjonar for banden, alt frå nifse opplevingar i middelalderkjellarar på baronen sitt spøkelsesaktige gods til tidenes kupp på Nationaltheateret under det danske gjestespelet Elverhøj.

FFM1Som vanleg er det ikkje noko å utsetja på skodespelarprestasjonane, alle leverar bra i sine etterkvart vande roller. Den kjende skodespelaren Helge Reiss gjer ei god rolle som baronen. Dette er siste gongen me får sjå Pål Johannessen som Basse, som har forandra seg ein del sidan han var med i den første filmen, og som endeleg er blitt vaksen. Mange held denne som den beste filmen i serien, mykje grunna dei geniale scenene på Nationaltheateret. Filmkritikarane kom med heller lunken kritikk, som nesten alltid elles. Dei meinte m.a. at filmen var for mykje dansk-prega. Utanom dei kopierte danske scenene frå gjestespelet, er deler av scenene på baronen sitt gods spelt inn i Danmark. Under har eg med linkar til dei kjende scenene på Nationaltheateret, og ein ser tydeleg likskapar i både dialog og klipp mellom den norske og danske versjonen. Legg også merke til dei mange hyggelege (he he) kommentarane frå danskane om den norske versjonen:

Norsk versjon: link
Dansk versjon: Fjerna frå YouTube.

FFM2Filmen er altså ein av dei betre i serien, men om det er den beste er eg litt usikker på. Det er litt lite framdrift dei første 30 minuttar, før det etterkvart tek seg opp med scenene på godset og sjølvsagt kuppet på Nationaltheateret. Det er berre å ta av seg hatten for dei danske filmskaparane Bahs og Balling for at dei kom på denne geniale planen med at banden kunne sprenga seg gjennom veggane medan konserten føregjekk. Historien fortel at dei fekk skriva om deler av Elverhøj slik at det passa betre til sprengningane til banden.

Vurdering: 8 av 10

Til slutt vil eg anbefala alle å sjå på TV 2 langfredag kl. 20.00, då den timelange dokumentaren «Fengslet av Olsenbanden» skal gå. Då får ein følgja innspelinga av den siste Olsenbandenfilmen frå 1999, sjå mange av dei geniale kuppa som Egon var arkitekten bak og dei farlege stunta som Arve Opsahl, Carsten Byhring og Sverre Holm sjølv måtte utføra. Det vert også eit gjensyn med nokre av Carsten Byhring sine beste replikkar, og regissør Knut Bohwim blir intervjua om skodespelarane og filmane. Absolutt verdt å få med seg.

Publisert 18. mars 2008 kl. 15:00 i Comedy, Crime, Gjestemeldingar merka som , , .

6 kommentarar til Olsenbanden for full musikk (1976)

  1. Børge

    Dette er ein av mine favorittar i Olsenbanden-universet, og eg føler du oppsummerar mine kjensler rundt denne filmen på ein god måte. Det mildt sagt musikalske kuppet Egon og co. gjennomfører under gjestespelet tykkjer eg grensar til genialt (om dette omgrepet kan brukast om norsk film). Sjølv om eg gjennom tida har sett denne sprengingsprosessen ein del gonger, sluttar eg aldri å verta begeistra over kor finurleg denne scena er sett saman, og korleis samspelet mellom bilete og musikk går opp i ein høgare, audiovisuell einheit. Eit høgdepunkt i Olsenbanden si historie!

    Igjen godt jobb, Roar. Flott at du tek med klypp frå den danske filmen i meldinga. På denne måten får folk forståinga av kor enormt viktige dei danske orginalane var for tilblivinga og tilrettelegginga av dei norske filmane om banden og eventyra deira.

  2. Asbjørn Ness

    Søren og, eg skulle sjÃ¥ den der dokumentaren… jaja, den dukka vel opp om 5-6 Ã¥r.

  3. Roar

    Eg tok opp dokumentaren pÃ¥ dvd, sÃ¥ viss du vil sjÃ¥ han ein gong er det berre Ã¥ beskjed. Synest dokumentaren var god og interessann. Mykje koseleg mimring med gode og kjende skodespelarar, dei fleste er dessverre borte no. Artig Ã¥ høyra regissør Bohwim sitt forsvar for filmane, som stort sett fekk lunken kritikk alle saman. I tillegg interessant Ã¥ høyra om bakgrunnen for filmane, Bohwim hadde jo i utgangspunktet tenkt seg Carsten Byhring som Egon Olsen. Sakna berre eit intervju med Ove Verner Hansen, som spelte «Biffen» i bÃ¥de dei norske og danske filmane i tillegg til andre smÃ¥roller i dei danske filmane. Han er den personen som har spelt i flest Olsenbandenfilmar, til saman 16 filmar ( i 5 norske filmar og 11 danske filmar viss eg hugsar rett).

  4. Asbjørn Ness

    Gode greier.

    Elles har eg no sett begge YouTube-klyppa, sånn at eg er klar over kva eg faktisk har sluppe gjennom på sida mi. Må innrømme at dette var saker, skikkeleg gjennomført og festleg å sjå på. Var litt skeptisk med tanke på at det varer i 9 minuttar, og spolte berre gjennom deler av den danske for å bekrefte den hyppige kopieringa den norske har gjort.

  5. Jørn

    Så vidt jeg veit var ikke dette siste filmen med Basse (Pål Johannesen) Han var med i Olsenbanden på Sporet året etter.

  6. Asbjørn Ness

    «Olsenbanden pÃ¥ sporet» er dansk. I den norske, «Olsenbanden & Dynamitt-Harry pÃ¥ sporet» er ikkje PÃ¥l Johannessen med.

Skriv ein kommentar