Olsenbanden tar gull (1972)

(IMDb)

(Ness:) Roar fortset Olsenbandenkøyret og eg vil berre informere om ein triviell sak som at enkelte dagar den siste tida har Olsenbanden vore stikkordet som har sendt flest folk frå ymse søkemotorar innpå Filmdagbok.

Olsenbanden tar gullMed Knut Bohwim tilbake i regissørstolen var det klart for den tredje filmen om banden. I motsetnad til dei fleste andre filmane føregår det meste av handlinga utanfor Oslo denne gongen, nærare bestemt Stavern. Scenene inne i sjølve bunkeren vart spelt inn i det same studioet som den danske filmen, Valby Studio i København. Dette er forøvrig den eine av to filmar i serien der Sverre Wilberg (Hermansen) ikkje er med. Ein «Olsenbanden»-film utan Hermansen vert på ein måte ikkje heilt det same.

Denne gongen kjem Egon med ein plan om å finna ein gullskatt, gøymt i ein tyskarbunker på Sørlandet. Med Valborg og Basse med på lasset reiser banden til Sørlandet i håp om å finna skatten. Når dei så endeleg finn den rette bunkeren, finn dei ut at skatten befinn seg bak ein par metertjukk sementmur. Dei treng då hjelp av den lokale skraphandlaren utan at han skal få vita kva banden har føre seg, men skraphandlaren er lurare enn det banden først trur. Dei er heller ikkje aleine om å ville finna skatten, bak lurer ein profesjonell revolverbanditt som gjerne vil ha tak i skatten. At militæret byrjar å få mistanke om at det føregår noko på sperra område gjer det ikkje lettare for banden.

Denne filmen er nok ein liten nedtur frå dei to forrige i serien. Nokre tåpelege scener øydelegg heilskapsinntrykket, og det er dessverre for mange av dei i denne filmen. T.d. vert scenene med granaten i bunkeren meir teite enn spennande. Skodespelaren gjer allikevel ein bra jobb, forøvrig artig å sjå Harald Heide-Steen Jr. i ei birolle som Lillegutt. Sjølve filmen plasserer eg midt på skalaen.

Vurdering: 5 av 10.

Publisert 28. januar 2008 kl. 21:56 i Comedy, Crime, Gjestemeldingar merka som , .

Skriv ein kommentar