31. juli 2008
Om Shanti Om (2007)
Bollywood er eit relativt uutforska område for meg, antall sette filmar frå India kan teljast på ei hand, noko eg finn finurleg då eg har likt alle godt nok. Om Shanti Om er hittil den mest typiske eg har sett, ut i frå bilde eg har danna meg av den typiske Bollywoodfilmen, ein standard dei andre filmane eg har sett i ulik grad har styrt unna. Om dette gjer Om Shanti Om til ein erketypisk Bollywoodfilm er likevel tvilsomt, sett behandlinga av filmproduksjonen i historien og den ofte veldig klare merksemda på tekniske grep. Å kalle det metafilm vil bli for sterkt, men det finst i blant snev av likskapar.
Om Shanti Om fortel historia om personen Om før og etter reinkarnasjon. Me startar 30 år tilbake i tid og møter han som Om Prakash Makhija, eit lite namn på rollelistene og utelukkande i enkle rollar. Etter reinkarnasjonen, ei tid satt til dags dato, møter me Om igjen som superstjerna Om Kapoor som har alt den tidlege Om drøymte om.
Elles involverar dette filminnspeling, mord, songnummer, masse humor, verdens største filmstjerne Shah Rukh Khan (SRK), mange andre indiske stjerner, fiksjonelle grep og meir enn nok til å fylle 2t 42min. Å fortelje filmens forløp ser eg på som ganske unødvendig, det er like greitt å ikkje vite for mykje på førehand. Personleg likte eg dette veldig godt, det var alt eg forventa og meir til. Masse god humor og faktisk spenning då eg aldri heilt visste kva retning ting ville ta, det skal nemnast at eg stilte ganske blank på kunnskapar om både folka i filmen og filmens handling på førehand.
Det er duka for ei god filmoppleving om du faktisk ønsker det.
