Filmdagbok
ness
09-jul-2008

Ferris Bueller’s Day Off (1986)

User Rating: 7.9/10 (59,511 votes)

Eg har tidlegare uttrykkt stor begeistring for John Huges sine fire første filmar, då spesielt «The Breakfast Club» som ved sidan av å vere ein god film er ein av mine personlege favorittar. «Ferris Bueller’s Day Off» hamna høgt på lista forrige gong eg såg den, men har sunke litt etter gjensynet.

Matthew Broderick spelar Ferris Bueller, ein smart og snartenkt ungdom med karisma og posisjon som forbilde blant alle clique-ane på skulen. Ferris er ikkje spesielt glad i å bruke tiden på unyttig skulelærdom og det filmen handlar om er hans niande skulkedag, den norske tittelen «Skulk med stil» er nok meir dømmande enn det «… Day Off» står for, men passar perfekt når det gjeld delen «… med stil». Ferris Bueller er nok ein slaur, men med stil.

På motsatt side av Ferris står skuleinspektøren Rooney som har sett seg lei av skulkinga og ser på han som ein trussel mot gode elevar, og søstra til Ferris som er misunneleg på at han stadig slepp unna. Desse er med på å skape litt ekstra spenning og humor i Ferris’ skulketilværelse, som han nyttar med å ta med kjærasten og vennen inn til byen for å leve livet.

Grunnen til at dette ikkje var like festleg som forrige gong var nok at eg visste kva som ville skje og tenkte meir over at det blir brukt god tid, litt for god, på mange av scenene. Filmen i seg sjølv er fortsatt veldig morsom, vel verdt å bruke tid på, iallfall om ein aldri har sett den før. Den mangla altså tempoet som får kvart minutt til å føles verdifullt.

Her får ein servert populærkulturelle referansar i fleng, paradeframføringa av The Beatles «Twist and Shout» er fortsatt ein av dei betre musikalske innslaga på film. Ferris kommunikasjon med publikum er aldri for tydeleg til å bli eit minus, men tillegg mykje til karakteren hans som ein menneskesjarmør klar over eigen posisjon. Skuleinspektør Rooney byr på flotte og enkle slapstickaugeblikk, han har minimalt med delt skjermtid ved sidan av Ferris, noko som forsterkar den patetiske personen han er i jakta på «usårbare» Bueller. Søstra er på si side vanskelegare å forstå, ho virkar ikkje å hate Ferris så mykje som ho er konkurranseinnstilt mot posisjonen hans, noko som vanskeleg kan gjere ho til ein direkte fiende, ein tanke som nærmast blir bekrefta av slutten.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
08-jul-2008

In Bruges (2008)

User Rating: 8.1/10 (18,272 votes)

«In Bruges» tek oss med til denne belgiske byen og på spørsmålet kvifor me er hamna i dette holet er svaret at våre to viktigaste karakterar har utført ein jobb og må søke dekning. I føringa som desse to mennene finn me Brendan Gleeson (som Ken) og Colin Farrell (som Ray), per dags dato vidt kjente skodespelarar og unødvendig for vidare presentasjon.

No er greia med Brugge at det slett ikkje kan bli opplevd som holet Ray held det for å vere, faktisk er byen pen, om enn litt stille viss nokon skulle halde det i mot den. Dei brulagde og trange gatene, kanalen og husa i den middelalderske gamlebyen utgjer eit passande bakteppe for Ken og Rays søking av dekning. Det kjem og til nytte då byrjinga, før me lærer å kjenne den meir seriøse biten av historien, har innslag av kultur i form av sightseeing. Etter å ha tenkt meg om kjem eg ikkje på andre filmar lagt til Brugge, og hadde handlinga blitt lagt til Paris eller Roma hadde mykje av magien i det filmatisk ukjende miljøet blitt borte.

Etter kvart som filmen sneglar seg framover blir me vitne til ei stadig mørkare og dystrare handling, så gradvis at ein aldri anar det før det er over ein. Nokre innslag av skytevåpen er ikkje til å komme forbi, alt i alt er det derimot overraskande lite skyting, noko som gjer episodane desto meir seriøse. Svart, svart humor pregar også «In Bruges» i stor grad, stadig balanse mellom alvor og spøk resulterar i ein film som styrer unna banalitetane.

Innleiingsvis gav eg ikkje så mykje tanke til filmen eg såg på, som eg har nemnt sneglar det seg litt framover, utan å bli direkte kjedeleg er det heller ikkje spennande. Starten er derimot viktig for vidare og blei noko eg satte pris på at blei grundig gjennomført med god tid. Me blir introdusert for Ken og Ray som tilsynelatande to motsetningar, men sidan blir personar me heile tiden vil jobbe med å prøve og forstå. Både dette og meir er fordelen ved å starte på null i Brugge, halde det flatt ei stund og så gradvis køyre på med blodsalvoret, som då blir forsterka og forøvrig blir betre heilt fram til slutten som markerar toppen på filmen. Ingen Hollywoodkurve her, meir ei rett fram stigande kurve.

Ein mørk film altså, men med humor, dvergar, narkotika, skytevåpen og europeisk middelaldersk byggestil. Ei noko spesiell blanding, aldri over toppen av kva som kan slukast, litt roleg i starten, men den belønnar rikt den som vel å følge med vidare.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
07-jul-2008

Forgetting Sarah Marshall (2008)

User Rating: 7.7/10 (21,795 votes)

Som min andre Apatowproduserte film på kort tid, den første var den skuffande «Drillbit Taylor», låg det stor spenning knytt til om denne kunne innfri forventingane. Generelt god omtale klarte aldri å riste av meg tanken om at dette kunne gå begge vegar, både Kristen Bell og Mila Kunis har trådd i salaten på storskjermen tidlegare og skulle ha større birollar her.

«Forgetting Sarah Marshall» er først og fremst Jason Segel sin film, han har skrive manus og debuterar også i ein hovudrolle. Dei som kjenner han frå før, frå bl.a. «How I Met Your Mother», «Freaks and Geeks» og ein mindre rolle i «Knocked Up», vil med ein gong kjenne igjen den itt forsiktige og følsomme typen som kan ta steget og gå ganske langt utanfor skalet sitt når situasjonane er dei rette. Han er ingen tradisjonell softie, men ein mann det går an å respektere. I «Forgetting Sarah Marshall» gjentek han denne rolla. Filmen styrer historien innpå følgande; Peter Bretters (Segal) kjente skodespelarkjærasten slår opp og Peter reiser difor til Hawaii for å komme seg igjen etter brotet. På Hawaii er sjølvsagt ekskjærasten med hennar nye flamme.

I grove trekk er «Forgetting Sarah Marshall» gammalt nytt (kvinne slår opp med mann, mann reiser bort, mann og kvinne er dømt til å møtes på reisemålet), det er når ein går nærmare inn på filmen den skil seg ut. For i staden for å måke gjennom scene etter scene som om målet var å bli ferdig fortast mogleg tek ein her for seg karakterane, behandlar dei med stødig hand og let etterkvart dei drive handlinga framover. Eg brydde meg ikkje om kva som kom til å skje minuttar fram i tid og aldri stod slutten som ein spørsmål før slutten stod for døra, her var det nok å kose seg meg der og då det skjedde. Dete var ein morsom, frisk og frekk film der rollane sit som støypt.

Noko lite, utan at eg klarar å sette fingeren på det, manglar for å gjere dette til den ultimate filmopplevelsen. Det er likevel ingen hinder for å gjere dette til ein av sommarens beste komediar for min del.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
04-jul-2008

House sesong 4

16 episodar.

«House» har utvikla seg til å bli ein sommarting for vedkommande, eit dykk i Filmdagbokarkivet viser at eg brukte midtsommaren i fjor på sesong 3 og seinsommaren året før på sesong 2. Så glad eg har blitt i serien framskunda eg sjåinga av sesong 4 til juni denne sommaren.

For dei som ikkje har sett sesong 3 kan det vere ein idé å stoppe lesinga her, dersom du ikkje har fått med deg endringane i staben. Skulle du vere nysgjerrig derimot, eg vil ikkje avsløre mange detaljar, helst skrape på overflata.

På slutten av forrige sesong skjedde det enkelte endringar som førte til ei dramatisk sesongavslutning, eg som mange andre forventa nok at ting skulle styrast inn mot normalen igjen, men det var ikkje meint å bli slik, i sesongens andre episode blir me introdusert for ei større gruppe nye menneske viss nokre få skal bli med i Dr. House sitt nye team. Dei nye ansikta er eit friskt pust, verdt å sette pris på, dei tidlegare teammedlemmane er endå med i serien, men to av dei i mindre grad enn tidlegare.

I utgongspunktet er eg sterk motstandar av endringar i rollebesetningar, i tilfelle med «House» trur eg skaparane av serien fann det perfekte tidspunktet å føreta dette på for å halde liv i serien. Eg finn ingen grunn til å vere negativ, utan å forsøke på det heller. Tidlegare truslar frå gjesterollar har alltid, ikkje overraskande, døydd ut. Å sentrere store delar av denne, grunna manusforfattarstreiken i vinter, forkorta sesongen rundt nye og gamle medisinsk personell er ein fin vri. Utan at eg på nokon måte står som motstandar av rollar bl.a. besøkt av David Morse i tidlegare sesongar. Slik vil det nok bli neste sesong også.

Ei side ved tilføringa av nytt blod i «House» er at spørsmålet om me vil sjå eit kjent ansikt forsvinne dukkar opp, skjermtiden til eit par av Houses tidlegare medarbeidarar har blitt betrakteleg redusert, utan at eg saknar dei. At dei i heile tatt er med får meg til å sjå på endringa som meir naturleg, når dei ikkje brått forsvinn frå jordas overflate. Vil det bli slik at serien skal vere open for gjennomtrekk av nye folk seinare også, i den grad det har skjedd no? Å erstatte Hugh Laurie kan ikkje fungere, denne sesongen står som ei bekrefting på det me allereie visste, Laurie ER «House». Rykta skal derimot ha det til at neste sesong vil ha ei lengre plotline som skal resultere i ein spin-off. Kven som blir med over i den, om nokon me kjenner no, vil bli artig å følge med på, og ikkje minst kva den serien vil stå for. Vil den bli ein kopi av konseptet rundt «House» med ein ny sentral karakter, eller ingen sentrale, men eit forsøk frå FOX å komme seg inn på område der ABC står sterkt med «Grey’s Anatomy» og NBC med «E.R.»? Tiden vil vise, ev. informasjon på www.houseisright.com.

Heilt klart er det at asesong 4 av «House» har vore minst like bra som tidlegare, på nokre område annleis, men det står ikkje som noko hinder. Friskt.

 
ness
03-jul-2008

Sabrina (1954)

User Rating: 7.7/10 (11,447 votes)

Audrey Hepburn, Humphrey Bogart og William Holden i ein film av Billy Wilder, eg såg verkeleg fram til «Sabrina» og blei heller ikkje skuffa.

Sabrina er namnet på hovudrollen, spelt av Hepburn, ho er dottera til den rike familien Larrabees sjåfør og bur i ei leiligheit med faren over garasjen. Familien Larrabee har to vaksne søner, David (Holden) og Linus (Bogart) og Sabrina er forelska i David. Både på grunn av aldersforskjell og rang har David aldri lagt merke til Sabrina. Den rimeleg ulykkelege forelskelsen resulterar i at ho reiser til Paris på kokkeskule for eit år.

Når Sabrina kjem attende til statane har ho blitt vaksen og vakker, eller det vil sei vakrare enn før, ho blir lagt merke til og blir etter kvart kjent med både David og Linus, eit kjennskap krydra med komedie og romantikk. Før filmen kjem så langt var Humphrey lite inne i bilde, men her tek han på mange måtar over for skjermtiden Holden hadde, noko eg personleg satte pris på, då Bogart er ein av dei skodespelarane frå denne perioden eg set høgast.

Komedien fungerar utmerka, romantikken likeså, det meste med filmen er ganske fornøyeleg i grunn. Dialogane er interessante, bilde og lyd er i ein klasse for seg sjølv, skodespelet glimrar, dette er verdt å få med seg.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
02-jul-2008

Journey to the Center of the Earth (2008)

User Rating: 4.4/10 (218 votes)

I 1864 kom Jules Vernes bok «Journey to the Center of the Earth», i 1959 kom den første filmatisering og i år var det igjen duka for nok ei filmatisering av bokklassikaren. At det i mellomtiden har komme minst ei større filmatisering og fleire tv-produksjonar kan nemnast.

Det eg ikkje var klar over var at årets dataprega eventyr hadde ein tvillingbror i form av nok ein tv-produksjon, denne med Rick Schroder, Victoria Pratt og Peter Fonda på rullebladet. Klar over det blei eg først når eg var komme så langt ut i filmen at eg tok til å sakne både ville dataanimasjonar som vist i filmtraileren og at veken Bredan Fraser eller unge Josh Hutcherson («Bridge to Terabithia») aldri dukka opp. Første reaksjon på feilsteget var latter på eiga bekostning, det skal nemnast at eg såg filmen åleine. Etterpå blei eg forbanna på meg sjølv for å kaste vekk tid på slik dårleg film, det skal nemnast at eg likevel såg filmen ferdig. Til slutt blei eg eigentleg berre glad over at det fortsatt er håp for ein passe kul adapasjon filma i 3D i løpet av året.

Eg såg altså ein tv-film, som i blant var heilt grei, andre stader virka den å ha vore filma i ein boks med pappfigurar i hovudrollane. Det kjem aldri fram truverdige kjensler på skjermen, lite av det som kjem ut av munnane i heile teke er overbevisande grunna slett skodespel. At historia i utgongspunktet er bra er jo sjølvsagt, det er Jules Verne si historie, men i prosessen frå bok til film har denne blitt mishandla i formen og det hadde mykje å sei.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
01-jul-2008

The Postman (1997)

User Rating: 5.4/10 (17,390 votes)

Mange der ute held «Waterworld» frå 1995 med Kevin Costner i hovudrolla for å vere ein av dei verre filmane hans og ein dårleg post-apokalyptisk storproduksjon. Personleg synst eg «Waterworld» hadde det som skulle til for å tilfredsstille interessa innan sjangeren, difor såg eg aldri på dei labre tilbakemeldingane «The Postman» har fått, Kevin Costners eigenregisserte 1997-produserte post-apokalyptiske film med han sjølv i hovudrollen, som hinder for å gi den ein sjanse.

Historien. Me hoppar rett inn i det som er ein typisk dag for mannen utan namn, han som etterkvart vil gå under namnet Postmannen. Med hest som følge, snuskete klær og ein forlatt og nedslitt bensinstasjon som nyleg ankomme mål er ramma satt. Eit av dei store spørsmåla ein gjerne stiller seg ved film av den post-apokalyptiske sorten er kva apokalypsen gjekk ut på. «The Postman» går skuffande lite innpå dette og gir seg stort sett på at det har vore ein større krig. Eg har tillit til Costner og ev. andre avgjerdstakarar når dei har beslutta å rette fokuset mot ein meir universell post-apokalyptisk setting, viss det då var planen, det hadde likevel ikkje skada å gjere manuset skarpare og rikare på informasjon. Dialogane og monologane i filmen er på mange måtar altfor enkle, på kanten til banale faktisk, eg hadde forventa meir i ein film der Brian Helgeland («Payback») var involvert. Så må det også vere nemnt at filmen er basert på ei bok som på ingen måte er vurdert her, utan å ha lese ho mistenker eg boka for å vere betre likevel, forhåpentleg i behandlinga av fortida.

Med sine godt og vel 3 timar skal ein kunne forvente mykje av «The Postman», som endar opp med å stå fram som ein 3 timar lang teaser. Eg synst altså konseptet har potensiale, det luggar berre i kantane. Eg klarar ikkje å kjede meg grenselaust heller, men sat positivt innstilt til at det rundt neste sving ville utvikle seg til å bli betre.

Eg høyres kanskje negativ ut, det er for å fram at det er lite spektakulert som tilbys her, heller enn at ting er på trynet. Sant skal seiast så legg det meste seg midt på treet, me har ein del spenningssekvensar, ein del skyting og brutalitetar, nokre rotete intime augeblikk og mykje heltesnakk. Det går ned, men vil ikkje bli hugsa.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
roar
30-jun-2008

Olsenbanden og Dynamitt-Harry mot nye høyder (1979)

(IMDb)

Den tiande filmen om banden og den siste frå 70-talet. Frå 1969-1979 vart det laga ein Olsenbanden-film kvart år (med unnatak av 1971). Dette er ein av dei betre filmane i serien, men den har dessverre ikkje fått så mykje omtale som nokre av dei føregåande filmane.

Ein tidlegare høgt betrudd tenar i Oljedirektoratet, no finansmeglar, Brock-Larsen (Arne Aas) vil ha tak i ein mikrofilm som inneheld opplysningar om nye oljeførekomstar i Nordsjøen. Desse vil han selja vidare til eit tysk storkonsern for 100 millionar tysk mark. Egon Olsen skal gjennom sin kontakt få 10 % av denne summen. Banden bryt seg inn hjå Oljedirektoratet og får tak i filmen. Alt ser perfekt ut for banden, heilt til Egon overleverar filmen til Brock-Larsen sjølv. Brock-Larsen meinar at Egon veit for mykje, og er lite lysten på at Egon og banden hans skal få sine delar av salsummen. Han får sin kompanjong, Roy (Lasse Kolstad), til å ta seg av Egon. Han prøver å gassa han i hel, men heldigvis kjem Benny og Kjell og reddar bandeleiaren sin.

Egon må no koma på nye påfunn for å få tak i mikrofilmen og pengane. Han har ikkje tenkt å gi seg utan kamp med ein slu finansmeglar. Som ikkje det var nok har også politiet fått kjennskap til saka. Dei hentar Hermansen frå stallen han har jobba sidan sist. Politileiinga meiner han er den einaste som kan hamla opp med banden. Dermed er Hermansen på sporet av favotittbytttet sitt, Olsenbanden, nok ein gong.

Etter 10 år med mykje av dei same skodespelarane og med Knut Bohwim som regissør i 8 av filmane, skulle ein tru det var ein viss slitasje i Olsenbandenhandlinga. Men med rutinerte og profesjonelle skodespelarar i 50-60 åra leverer gjengen nok ein gong varene. Det er ein rekkje artige scener i denne filmen, m.a. med ein sint mann med helsetrøye (Willie Hoel si siste rolle i Olsenbanden-filmane, sjå her) og scener med ein Harald Heide-Steen Jr. i storform. Artig å sjå kor stadig mindre motivert kriminalbetjent Hermansen (Sverre Wilberg) er til utføra politiarbeidet sitt. Han likar betre å fortelja om interessa si for fisking til sin kollega Holm (Øivind Blunck) enn å oppklara saka. Kan likevel seia at han denne gongen på ein eller annan måte lukkast for første (og einaste ?) gong, utan å røpa for mykje.

Filmen har sine svake sider også, m.a. er scenene på toppen av SAS-hotellet vel langdryge, i tillegg til at det er vel usannsynleg at fleire politimenn ikkje greier å ta igjen ein løpande Egon i slutten av 50-åra. Manuset, skrive av Sverre Holm og Øyvind Thorsen, er derimot friskt og byr på fleire godbitar. Musikken av danske Bent Fabricius-Bjerre passar glimrande til denne typen film, og gjer sitt til at filmen held seg godt sjøv om den er nesten 30 år gamal. Filmkritikarane var forøvrig meir positive enn vanleg til Olsenbandenfilmane, og begrunna det med m.a. eit godt og opplagt manus. Mi vurdering er at dette er blant dei 5 beste Olsenbanden-filmane, så skal du sjå ein Olsenbanden-film er denne filmen eit godt val.

Vurdering: 8 av 10

 
ness
27-jun-2008

In the Valley of Elah (2007)

User Rating: 7.6/10 (13,241 votes)

Då eg skulle sjå «In the Valley of Elah» på kino tidlegare denne månaden hadde eg ingen forventingar eller tankar til kva den skulle vere. Den faktiske grunnen til at kinobesøket fall på akkurat denne filmen var at ingen av dei andre filmane freista. Men kva gjorde det når Paul Haggis skulle stige opp i så måte frå holet han grov seg sjølv ned i med «Crash» i 2004.

I det som er ein av to filmar i det som må vere Tommy Lee Jones sine betre år, den andre var «No Country for Old Men», er det ei forsvinningssak som involverar Jones rollekarakter Hank Deerfields son som står i sentrum. Sonen er i militæret og har akkurat komme heim frå Irak då han brått blir borte, noko som resulterar i at Hank får ein telefon om at sonen mest sannsynleg har teke tjuvperm og må melde seg snarast. Når sonen ikkje let seg spore vel Hank å ta saka i eigne hender og spore han opp, som tidlegare yrkesmilitære sjølv har han eit blikk som vitnar om at han er klar for å møte sannheita uansett kva den skulle vere.

Det som skjer vidare er vanskeleg å forklare i detalj utan å røpe filmen, og utan detaljfokus er det vanskeleg å forklare kvifor dette er ein så knallsterk film som det er. «In the Valley of Elah» er gjennomført med stødig hand, etterforskinga som blir gjort er lagt opp slik at den er interessant heile vegen, Tommy Lee Jones er ytterst perfekt i hovudrolla og har også med seg stødige motspelarar som verken trekk ned eller stel fokus. Dette smakar heller ikkje som anti-militær propaganda, då det med dei ulike karakterane er ulike sider av militære me møter. Tross motviljen Hank Deerfields møter i mange av brikkene som skal føre han vidare er han sjølv eks-militære og smittar forståelsen sin over på publikum til ei viss grad, balansen er nøyaktig og det er også ein underliggande frustrasjon på plass som kjem fram i augene hans i blant.

Måten filmen seier så utruleg mykje på utan å ta for sterke standpunkt, rote det til eller køyre seg fast på eit spesifikk punkt gjer at dette aldri blir nokon kjedeleg film på dei 2 timane den varer. Den er eigentleg eit veldig godt eksempel på korleis fleire filmar skulle ha vore laga, for det er ingenting som tilseier at ei forsvinningssak er det mest originale plottet, men når det er gjennomført på denne måten er det lite å halde i mot den på.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
27-jun-2008

That ’70s Show sesong 3

25 episodar.

Nok ein sesong av «That ’70s Show» har gått unna som berre pokker, dette er ein av dei ultimate seriane av typen der ein hoppar på neste episode med ein gong, grunna kort lengde på cirka tjue minuttar og slag i slag med ting som skjer i kvar episode.

Med denne tredje sesongen er serien på veg opp på sitt toppnivå, eg hugsar eg lot meg underhalde som best av den fjerde og kanskje den femte sesongen før kurva peika nedover igjen. Det er ei hårfin linje som skil desse episodane frå tidlegare, produksjonen virka hakket meir profesjonell og ikkje minst påkosta, då med tanke på fleire opphaldsplassar for ungdommane. Dei ulike karakterane har satt seg meir som individ framfor å berre vere den faste gruppa.

Tid har alltid vore vanskeleg i «That ’70s Show», då serien starta var året i handlinga 1976, og sjølv om kvar sesong hadde sine spesialar for jul, nyttår, halloween, o.l., så avslutta den åttande sesongen på nyttårsaftan 1979. Men for å oversjå slike detaljar er det klart at skaparane av serien har gitt Eric, Fez og resten av gjengen det som skulle tilsei at dei var blitt litt eldre, utan å ta i frå serien alt av barnsleg humor. Takk for det, denne enkle humoren er på mange måtar kjerna i serien ved sidan av at den, som tittelen står for, hentar fritt med inspirasjon på alle område frå 1970-talet. Her ligg jo sjarmen.

Sesong 3 viser ei god utvikling mot ein serie som skal bli betre.