Don’t Open Till Christmas (1984)

IMDb: 3.0/10 from 552 users

Tredje luke i julekalender 2011 er ein slasher frå åttitalet. Sesongarbeidande julenissar blir drept på løpande band rundt om i Soho i London. Politiet står ansikt til ansikt med vanskelege utfordringar i jakta på drapsmannen.

Drapsmannen i Don’t Open Till Christmas har tydeleg ei drivkraft som fÃ¥r han til Ã¥ drepe julenissar. Og drapa stikk seg fort fram som den raude trÃ¥den. Dessverre er det ingen eller fÃ¥ deler av filmen som er opplagte eller logiske. Scener som skal forklare og byggje opp rundt karakterane er fjerna eller aldri pÃ¥kosta produksjonen. Store deler av Don’t Open Till Christmas blir ei uregelmessig hopping framover i tid.

Don’t Open Till Christmas er eit resultat av elendig manus og amatørar pÃ¥ bak teknikken. Musikken er det einaste unntaket. Sjølv om budsjett ikkje er synonymt med kvalitet, sÃ¥ ville Don’t Open Till Christmas sett seg tent med pÃ¥kosta assistanse. Lyssettingen er eit av dei verste eksempla og kan forvekslast med ein person med lommelykt.

Filmen har underholdningsverdi i mangelen på kvalitetar. Emna han har til å overraske med totalt håplause scener som kjem tilfeldig på rekkje og rad. Men det er langt i frå godt nok. Filmen ligg an til å bli det verste bidraget i julekalenderen. Julestemning er fråverande medan kjedsomheit toppar passande ordval.

3/10

Rare Exports (2010)

IMDb: 7.0/10 from 4,921 users

Andre luke i julekalender 2011 er den finske filmen Rare Exports. Filmen baserer seg på ein kortfilm som regissøren Helander gjorde i 2003, om tre finske jegerar som jaktar på ein vill julenisse.

Ein stad i Finland, like ved grensa til Russland, skal ein eldre amerikansk mann endeleg få oppfylle barndomsdraumen sin om å møte julenissen. I skjul grev han eit hol i toppen av fjellet Korvatunturi, der julenissen ifølgje finsk legende held til. 23 dagar seinare bryt helvete laus i område rundt fjellet.

I hovudrolla er den vesle guten Pietari. Han er den første av dei lokale som skjønnar kva som har skjedd på fjellet, men han blir ikkje trudd. Då alle reinsdyra i område er funnen døde skuldar dei vaksne på ulvar. Då elektriske apparat byrjar å forsvinne skuldar dei vaksne på russarane. Gjennom Pietari stakar filmen seg ut ei retning som hintar mot, men aldri avslører, kva som vil skje.

Rare Exports tek seg tid til å fortelje om mytene om den finske julenissen. Små detaljar og hendingar her og der er viktige, og Helander viser at han kan god historieforteljing på film. Han veit å ikkje vise for mykje for og halde på spenninga og gjere publikum nysgjerrige. Det fungerer godt og filmen har heile tida har noko å komme med, samtidig det gradvis bygg seg opp mot eit klimaks lengre uti. Og utan å røpe noko bestemt, så innfrir klimakset.

Mørketid, snø på bakken og i lufta set meg litt i julestemning. Karakterane i filmen et dessutan aldri anna enn pepperkaker. At juletida òg kan vere ei trist tid då ein minnast dei som har forlatt oss, er noko Rare Exports så vidt viser at han er klar over, utan å gå vidare inn på tema.

Mest av alt er Rare Exports morosam, spennande og aldri kjedeleg. Den heng seg heldigvis ikkje opp i dei mange små detaljane, men veit at det er oppbygginga og framgangen i filmen som er viktig.

7/10

Hogfather (2006)

IMDb: 7.4/10 from 4,377 users

Første luke i julekalender 2011 er Hogfather, ei filmatisering for TV av boka til Terry Pratchett med same namn. Filmen blei laga for Sky One i England og sendt i to deler, 17. og 18. desember i 2006, og har ei historie som foregår i Discworld-universet, noko eg kjem tilbake til.

Handlinga i Hogfather skjer rundt Hogswatch, Discworld-feiringa som tilsvarar jul hjå oss. Hogfather er namnet på den glade, tjukke mannen og går i klede som er mistenkeleg like julenissen sine. Medan Discworld er ein fantasi-bokserie av Terry Pratchett der handlingane foregår på ein flat planet som heiter Discworld.

Det er dagen før dagen og the Hogfather forduftar. Ein leigemordar ved namn Teatime har akkurat fått i oppdrag å ta knekken på han, og byrjar ei desperat jakt på å finne Hogfather.

Døden, som her er ein eigen skikkelse med svart kappe og ljå, har som jobb å frigjere sjela til folk som dør. Når mordet på Hogfather let vente på seg, tek Døden tiden til nytte og kler på seg nissedrakta og vikarierer for Hogfather.

Den tredje sentrale karakteren ved sidan av Teatime og Døden er Susan. Blant dei tre er ho den stabile og menneskelege personen, og ho som får nyss om at konsekvensane av Hogfather si forsvinninga er evig mørketid og fortapt menneskeheit.

Det er fleire idear og parallellar til verda vår som gjer Hogfather interessant. Den viktigaste her er likskapen Hogswatch har til jul. Eg forventa ingen tradisjonell julefilm, men litt julestemning var eit krav. Det skal mykje til for at mangel på julestemning kan oversjåast i ein julekalender.

Hogfather manglar julestemning. Filmen er ikkje sentimental, og han får heller ikkje fram ei trist julestemning. I det heile er det kaldt og lite stemning. Billege effektar gir eit falsk preg på toppen. Det var ingen krok som hekta meg innleiingsvis. Grunnen som gjer filmen verdt å sjå, når utgreiinga av plottet endeleg var forklart, var det langt ut i filmen og for seint.

Tre timar som Hogfather er verkar som tre dagar. Den fiffige ideen bak den halvgjorte og ustrukturerte oppbygginga gjer at eg heng med trass alt, men første luke i julekalenderen blir dessverre ingen slager og ingen anbefaling.

5/10

Julekalender 2011 – påminning

Dette er ei påminning om at det blir julekalender i år. Om ei veke, frå og med 1. desember til og med 24. desember vil det komme daglege innlegg om julefilmar på Filmdagbok. Lukene vil bli opna kl. 09.00 og det blir ein variasjon av fullblods julefilmar og filmar som i mindre grad har integrert jula i handling eller historie. Kalenderen vil kunne følgjast på Facebook, Twitter og som RSS frå bloggen.

Julekalenderen er ei vidareføring av initiativet frå 2009. Dei 24 julefilmane som eg skreiv om då er alle merka julekalender 2009.

Diamonds Are Forever (1971)

IMDb: 6.7/10 from 30,600 users

Diamonds Are Forever markerte Sean Connery sitt første av to tilbakekomstar i rolla som James Bond, den andre var som ein middelaldrande Bond i filmen Never Say Never Again i 1983. Avbrekket som var George Lazenby i On Her Majesty’s Secret Service fekk opprinneleg kontrakt sju filmar, men blei overtala av agenten sin til Ã¥ trekke seg ut av franchisen. Agenten meinte at serien aldri ville overleve 1970-talet, og det blei med ein opptreden for Lazenby som Bond.

Før Roger Moore tok over spelte altså Connery inn endå ein Bond-film. Diamonds Are Forever handlar om diamantsmugling og har ei handling som flyttar seg rundt heile verda før me hamnar i USA. Drivkrafta til filmen er målet, og målet er for oss å finne ut kven som er skurken og kva som gjer diamantane viktige. For å unngå avsløringar får dette halde. Filmen er ikkje spesielt komplisert og ein skjønnar raskt kva som lurer bak. At det er rotete og mange stopp undervegs trekk heilskapen ned, men det er nok av humor i det dårlege til at eg ikkje kjedar meg.

Ein anna ting som manglar er iveren og energien. Sean Connery går på autopilot og få av dei typisk kjappe Bond-bemerkningane hans sit spesielt godt. Det kan ha med å gjere at Connery sa han var lei av å spele Bond etter You Only Live Twice. Eller det kan vere at manus ikkje sat heilt stødig. Regissør Guy Hamilton har eg mine tvil om at skal lastast for resultatet, mannen stod bak ein av dei beste filmane, Goldfinger.

Det er sjeldan eg diskuterar karakterar her, men Diamonds Are Forever har eg vanskeleg med å plassere. 6/10 er litt for bra, mens 5/10 blir for midt på treet då den har ein del småting som fungerer godt innimellom. Eg let ikkje tvilen komme til gode og gir ein 5/10 denne gongen, i hovudsak grunna Sean Connery.

5/10

Julekalender 2011

Det blir julekalender i år. Om ein månad, frå og med 1. desember til og med 24. desember vil det komme daglege innlegg om julefilmar på Filmdagbok, akkurat som lukene i ein julekalender. Lukene vil bli opna kl. 09.00 og det blir ein variasjon av nytt og gammalt, kjent og ukjent, tradisjonelt og utradisjonelt.

Filmdagbok hadde julekalender i 2009 med same oppskrift, og dei 24 julefilmane som eg skreiv om då er alle merka julekalender 2009. Eg vil anbefale å sjå gjennom lista, for ingen av filmane vil dukke opp i årets julekalender.

Everything Must Go (2010)

IMDb: 6.5/10 from 7,768 users

Nick Halsey (Will Ferrell) mistar jobben sin og kjem heim til eit hus med nye låsar, alle eigedelene hans på plenen og eit brev frå kona om at han ikkje skal ringe ho.

Artig tenkte eg, dette verka lovande. Når Nick i tillegg er alkoholikar ligg det til rette for eit morosamt lite eventyr. Men etter Nick først set seg ned i lenestolen på plenen så blir han sittande der ut store deler av filmen. Han blir venner med eit par nye naboar, og dannar slike vennskap ein forventar at ei hovudrolle i ein rar liten film dannar.

Everything Must Go er verken overraskande eller spesielt underhaldane. Den er smått morosam, men tanken om å lage ein film om det meiningslause tilveret til Nick Halsey er nok det morosamast. Likevel om oppbygginga blir for enkel er holdninga til Nick underhaldande nok. Han drikk øl som han pustar luft og behandlar folk som han vil, ofte for direkte. Det går heller ikkje lenge mellom kvar vits, og dei er stort sett gode nok til at ein heller smiler gjennom brorparten av filmen. Dette kvalifiserar Everything Must Go til grei tidtrøyte, men minneverdig er den ikkje. Til det støttar den seg for mykje på ei uinteressant historie til å klare.

6/10

Red State (2011)

IMDb: 6.4/10 from 9,297 users

Red State er den nyaste filmen til Clerks-regissøren Kevin Smith, og første filmen hans som ikkje er ein komedie. Som det stÃ¥r pÃ¥ plakaten: «An unlikely film by that Kevin Smith».

Kevin Smith prøver på mykje med Red State, men for min del blir det ein kjedeleg film. Uansett kor grusom og sjokkerande den er, og kor mykje Smith slår ned på kristenfundamentalistane og terroristane som i filmen er ute etter å drepe homofile.

Dei som har litt kjennskap til Kevin Smith veit at han på sin måte er ein forkjempar for homofile skal få aksept. Komediane hans tek har mange uskuldige spøkar som baserer seg på tema, og det blir snakka ein del om det i An Evening with Kevin Smith-seansane, der det kjem fram at det har utspring i at bror hans er homofil. Red State er i så måte typisk nok Kevin Smith, men i ein heilt anna sjanger.

At filmen ikkje lukkast har å gjere med den stadige drepinga av potensielle hovudpersonar. Smith er modig nok til å gjere hendinga til hovudpersonen, og drep unna mange rollefigurar eg kunne tenke meg å følgje med. For meg fungerer ikkje dette, då eg foretrekk å ha engasjere meg i livet til interessante filmrollar. I staden blir Red State ei rekke lengre monologar og ein del skyting som eg bryr meg lite om. Det er aldri så dårleg at eg har vondt av det, men tanken om å slå av filmen streifa meg altfor mange gonger undervegs.

Det kan hende filmen er viktig nok på sin eigen måte. Men eigentleg synst eg den går for langt til å kunne bli teken seriøs, og den går ikkje langt nok eller tek ikkje godt nok vare på meg til at det blir bra nok som ein useriøs film. Eg har ingenting i mot ukonvensjonelle filmar, men Red State hamnar mellom fleire stolar.

5/10

The Inbetweeners Movie (2011)

IMDb: 7.6/10 from 10,136 users

The Inbetweeners Movie er knall! Sikkert best viss du har sett serien. Frekk humor. Fyllekuler. Likandes karakterar. Ei god blanding.

7/10

10 beste: Zombie-film

The Walking Dead kom tilbake på skjermen i USA den 16. oktober. I anledning sesongpremieren for andre runde har eg sett saman ei liste med zombie-filmar. Ei veke mellom kvar episode er litt for lenge å gå utan nye døde på skjermen.

Zombie-film er så mangt. Komedie, splatter, voodoo, satire, samfunnskritikk, skrekk og så vidare. Blant dei mange titlane som finst er ein del som er bra og dessverre mykje som er mindre bra. Formålet med dette innlegget var å hente fram ti filmar som er verdt å sjå. Eg har prioritert mangfald og unngår å rangere filmane denne gangen.

Lista har ei lita overvekt av filmar som er laga etter år 2000, og merkverdig mange innslag frå 1985. At alt på lista er laga etter 1978 betyr ikkje at det ikkje finst gode zombie-filmar frå før 1978. Kjennskapen min til eldre filmar på dette feltet er dårleg og dei få eg har sett når ikkje opp denne gangen.

Det er mange tillegg eg har lyst å anbefale. Resident Evil-filmane (Wikipedia) for dei som er ekstra glad i action. Gates of Hell-trilogien (Filmdagbok) for dei som vil ha mystikk og få zombiar. Norske Død snø frå 2009 (Filmdagbok) som det norsk bidraget som ikkje kom inn på lista. Fido frå 2006 (Filmdagbok) er òg eit humoristisk innslag som har fått god omtale.

4 / 1951...3456...10...195