Filmdagbok 100 bind 1 - 1. utgåve
Filmdagbok 100 bind 1 er ei samling av filminnlegg publisert på Filmdagbok mellom mai og november 2009, mens TV-seriar ikkje er teke med. Det er 100 innlegg, kvart på 100 ord. Filmdagbok 100 bind 1 er sortert alfabetisk og alle filmane er vurdert på ein skala mellom 1 og 10. Framme i boka er det ei kronologisk og alfabetisk innhaldsliste, mens det bakerst i boka er ei oversikt over alle sette filmar, også dei som ikkje er skrive om i boka, frå den same perioden - sortert etter talvurderinga.
Last ned Filmdagbok 100 bind 1 som PDF (2.6MB) eller JPEG i arkiv (14.1MB), dette gjer du via lenkene til høgre for bilete.
Filmdagbok 4 år - 4. utg.
Filmdagbok 4 år er ei samling av innlegg publisert på Filmdagbok mellom oppstarten i mars 2004 og november 2008. Cirka 90% av det som blei skrive i denne perioden er å finne i denne digitale boka, der dei er sortert etter årstal, med alfabetisk innhaldsliste framme i boka. Alle filmane er vurdert på ein skala mellom 1 og 10, som elles på Filmdagbok. Eit utval samlepostar er teke med i byrjinga, og nest bakerst i boka finn du TV-seriar sortert alfabetisk. Ei liste over alle karakterane finn du bakerst.
Last ned Filmdagbok 4 år som PDF (13.8MB) eller JPEG i arkiv (94.8MB), dette gjer du via lenkene til høgre for bilete.
Siste 10 innlegg (arkiv)