Poor Little Rich Girl (1965)

IMDb: 5.6/10 (71 votes)

edie_sedgwickAv Andy Warhol med factory girl Edie Sedgwick. «Poor Little Rich Girl» handlar om heller lite. Den første halvtimen er bilde ute av fokus, og det er heller vanskeleg å få med seg noko bestemt. I den neste, og siste halvtimen blir bilde skarpt og Edie held ein samtale med ein venn off-screen. Opptaka er to lange takes, samtaleemna er lause, og location er ein del av eit rom. Det som er fascinerande med dette enkle og langdryge konseptet er at me kjem sopass tett innpå Edie, som spelar seg sjølv, sjølv om kontakten til kamera aldri er direkte.

6/10
Publisert 26. oktober 2009 kl. 09:43 i Alle, Documentary, Drama merka som , .

Skriv ein kommentar