17. august 2012
Private School (1983)
Som heilheit er Private School ingenting anna enn ein overfladisk film utan ei god historie. Men i deler er det nok klisjear, cheesy romantiske scener, obligatoriske flaue augeblikk og nakne dusjscener til å plassere filmen perfekt blant 1980-tals tenåringskomedie. Og Phoebe Cates er med.
Alt i alt er Private School verre enn godt nok. Det er langt i frå god komedie, og dei fleste scenene føles som krav frå ein eller anna investor.
Eg kan likevel ikkje la vere å bli underholdt, om ikkje meir enn litt. Eg har ei svakheit for tenåringskomediar, spesielt dei frå 1980-talet.
