6 episodar.
Psychoville er ein snodig, britisk, svart komedie, som lukkast i å vere skikkeleg svart, og komisk. Serien er eit samarbeid mellom Reece Shearsmith og Steve Pemberton, som begge spelar fleire roller i serien.
Dei totalt seks episodane, sendt på BBC, bygg opp rundt eit utval personar som lev litt her og der i England, utan å ha noko med kvarandre og gjere. Felles er at alle har ei skrue laus, og nokre av dei er verre enn andre.
Utover i serien følgjer me desse personane, med sine eigne historier, samtidig som dei alle får mystiske brev i posten. Med denne bakhistoria har serien ein tråd som knyttar personane likevel, og serien jobbar seg fram mot ei løysing etter kvart som den utfoldar seg.
Bygd opp som ein vanleg krimserie, er Psychoville likevel alt anna enn standard, med stadige komiske eller forbløffande groteske vendingar. Det som fascinerer mest er nok likevel personane, som trass i å framstå som mentalt ustabile og til ei viss grad direkte usympatiske, er sopass forskjellige frå kvarandre at dei alle blir interessante. Sett bort frå første episode, tenkte eg heller lite over at Shearsmith og Pemberton spela fleire rollar.
Ein serie kan vere både spesiell og stemningsfull, sprø og litt komisk, utan å bli tilfredsstillande fengande. Psychoville derimot, var om ikkje det beste eg har sett, ein artig variant av kriminell komedie som eg utan problem såg meg gjennom. Du anar kanskje at det ikkje flyt av flotte ord her, og sant nok, Psychoville hadde eit par for mange stunder der det gjekk litt langsamt. Men for den som vil ha noko utanom det vanlege, er den verdt å sjekke ut.
