Eg har sett lite film i det siste, men har rukke å få med meg «Quantum of Solace» på kino. Elles har det stort sett gått i bøker.

Daniel Craig er tilbake som James Bond i det som denne gongen er ein Marc Forster-regissert film der mellom anna Paul Haggis har skrive manus. Eit røft preg, mykje vald og ein litt kald og kynisk Bond har i lag med det nokon kallar mangelen på vante James Bond-kjenneteikn fått enkelte til å reagere. Men her er det nok fleire som ikkje har sett godt nok etter.
Personen James Bond er langt nede etter tapet av Vesper i forrige film, han kan framstå som brutal og oppslukt i ei hemnjakt, men er bak maska stadig like kalkulert og det kjem etter kvart nok spor til ein leiken agent som er glade i det kvinnelege selskap. Craig held maska med stil i den tidlege delen av filmen, men den som følgjer godt med kan legge merke til ei endring i personen hans, om ikkje stor så iallfall nok til å kunne oppdagast.
Av fart og spenning byr «Quantum of Solace» på alt i frå sprø biljakt, til båtjakt til fotjakt og eksplosjonar. Her er det meste, det går hardt for seg, men det er ein variasjon å setje pris på. Dessutan har lengda blitt klart å halde nede på 1t 46min, ca 40 minuttar kortare enn forrige film. Nokre veit å setje pris på lengre filmar, eg er av oppfatting at fleire Bond-filmar er for lange og synst denne var perfekt med tanke på historia.
At skurken ikkje er ute etter å øydelegge jorda, men at han er ein utspekulert menneskeforbrytar gir meg ein større grunn til å mislike han, men også å like han som skurk.
Eigentleg var det ingenting eg beit meg merke i som dårleg med denne, sjølvsagt kunne eg gått inn for å samanlikne den med ein av dei første filmane med Connery og komme med at Bond er ein glattare og meir kvinnebedårande person der, men eg ser heller ikkje poenget i at alle filmane skal vere heilt like, og denne har meir enn nok til å vere ein Bond-film.
