
BMX virka kult, sykkelsekvensane i «Rad» har ingen problem med å få fram dette. Underdogen Cru sin kamp for å komme seg fram blant dei beste BMX-utøvarane i landet gir òg filmen ei stemme eller eit formål. Måten «Rad» til dei grader spelar på den dengong veksande interessa for BMX er i seg sjølv artig å følge med på. Men limet som held alt saman, skodespelet som er grunnlaget for handlinga, dei enkle og ikkje fullt så effektive sekvensane som utgjer den viktige utviklinga i filmen, er berre med på å bekrefte dette som ein fenomenfilm utan solid botn.
