Rambo (2008)

IMDb: 8.8/10 (1,045 votes)

Rambo12.7, pistol, maskingevær, machete, pil og boge. «Rambo» er til tider blodsutgytelse på sitt beste, men er det alt?

Det har gått 20 år sidan «Rambo III», Sylvester Stallone er blitt 62 år gammal utan at det skal legge dempar på noko. Som John i «Rambo»-mytologien har han trukke seg tilbake til grenseland mellom Thailand og Burma, livet som eks-soldat har satt djupe spor som ikkje har forsvunne tross dei mange åra i dekning. Den fjerde filmen, som har fått den enkle tittelen «Rambo» (ev. «John Rambo») tek seg god tid innleiingsvis til å forklare korleis alt ligg an, med militærregimet i Burma på sitt verste, John sitt forhold til menneske og krigføring, ting som skal bygge opp under actionbiten alle ventar på. Aktualiseringa av undertrykkinga sivile i Burma står ovafor og har gjort i 60 år overraska meg då eg hadde forventa ei tynn og tanketom historie, den brutale behandlinga av desse folka slo i mot meg tidleg, i motsetning til dei seinare delane av filmen, då John har kontrollen, får ein berre lyst til å trykke seg lagt ned i setet. Actionfilm på bekostning av den faktiske konflikta? Godt mogleg! Eg har ingen problem med det då meir enn ein god film har utnytta triste historiar, og all PR er vel god PR?

WarEg var altså innstilt på å gjere «Rambo» til ei god kinoopplevelse og ingenting kunne stoppe meg. Etter fjorårets nydelege «Rocky Balboa» forventa eg at Stallone igjen skulle lage noko verdig den første filmen i serien. «Rambo» når ikkje opp til «First Blood», men hamnar på ein trygg andreplass. Når kulene byrjar å regne og John får vise kva han kan var det ikkje berre eg som uttrykkte stor begeistring og fasinasjon for delte menneskekroppar. Med unntak av ein eksplosjon midt inni har eg ingenting å utsette på forløpet. Stallone spelar på styrkane sine, bokstavleg talt, og gjer dette til ein sjangerbevisst soldatmassakre som heldigvis er retta mot 18+.

PieceFilmen som så godt, i mine auge, aktualiserte den geografiske plasseringa si og kom med mange gode, om enn veldig kyniske ord, endra seg drastisk etterkvart altså. Dette var forventa, og at historia druknar litt bort mot slutten har eg ingen problem med, starten gjorde nok ut av dette. Med sine 90 minuttar seier det seg at me ikkje kan forvente den lengste avsluttinga. Personleg synst eg den effektive slutten var både sentimental og filmserien verdig i mykje større grad enn «Rambo III» sin opne.

«Rambo» gjorde altså susen for underteikna under den fullstappa kinopremieren. Den innfridde på actionbiten, ikkje minst, hadde ei flott oppbygging som passa John betre enn klosterbygginga i 3-aren (smak og behag). Alt sett ut i frå auger som veldig mykje var klar over kva John Rambo på film inneber og ikkje har problem med det.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

  1. Mario
    #Nr. 1, 26-jan-2008 kl 12:48

    Som jeg sa til deg i går, ness. Dette kan meget vel være årets film, allerede så tidlig på året.

  2. #Nr. 2, 26-jan-2008 kl 13:15

    Akkurat det gjenstår å sjå, men at den er god er det ingen tvil om.