Putt James Stewart i ein rullestol, med gips på beinet og utsikt mot bakgården, så har du ein klassikar. Oppskrifta er ganske enkel, men enkelt er bra. Vår mann i hovudrolla, L. B. Jefferies alias Jeff, har måtte sitje i ro i over 6 veker etter ei ulykke ved forsøk på å ta eit godt bilde. Og når ein kjedar seg i tillegg til at det er over 30 grader i skuggen, så kan små ting gjere ein paranoid, iallfall blir Jeff mistenksom når kona til naboen tvers over bakgården plutseleg forsvinn, og mannen i leiligheita går fram og tilbake og oppfører seg rart.
I det siste har eg fora meg sjølv med ein del gode filmar, og «Rear Window» er ingen unntak. Det er ein av dei filmane eg lenge har sett fram til, og eg var ikkje skuffa med tanke på store forventingar. Eg trur eg gir meg med dette sagt, og viser til reviews på IMDb eller Amazon for god lesning.

august 14th, 2006 at 00:19
Herlig film. Er ikke stort annet å si, egentlig.
august 14th, 2006 at 00:22
Alltid hyggeleg å få kommentarar på tidlegare innlegg, då kan eg mimre tilbake til den gongen eg såg filmen sjølv. I dette tilfelle heile 2 månader! Ja, dette er ein god film!