Rebecca (1940)

IMDb: 8.4/10 (19,613 votes)

RebeccaEg stiller meg sjølv i ein mellomposisjon når det gjeld Alfred Hitchcock sin romantiske thriller frå 1940. Desto meir eg tenker over innhaldet, desto betre blir den. Men så er det småtinga som stadig held den tilbake.

På jobb/ferie i Sør-Frankrike møter ei ung og søt kvinne (Joan Fontaine) ein rik enkemann (Mr. de Winter, spelt av Laurence Olivier). Ho blir forelska og flyttar etter kvart med han heim til det britiske godset hans, men får etter kvart problem under presset til å leve opp etter det plettfrie ryktet frå forrige Mrs. de Winter.

På stemninga anar eg muffens heilt i frå første scene, noko er ikkje som det skal vere. Denne kjensla fulgte filmen og gav den ein småguffen undertone, positivt sett. Lenge blei det med undertonen. Innimellom var det minimalt med utvikling, noko som gjorde filmen småkjedeleg. Saman med mindre imponerande skodespel frå Laurence Olivier er det lengda som øydelegg for meg. Joan Fontaine derimot, nærast glødar på skjermen. Ei så søt og uskuldig jente/kvinne skal ein leite lenge etter. Kulissene er mektig imponerande, og mysteriet som utviklar seg rundt historia omkring Rebecca (den forrige Mrs. de Winter ) er i beste Hitchcockstil.

Så sett bort i frå at det er ein langtekkeleg opplevelse, så er det ein god ein.

6/10

Leave a Reply