28. juni 2012

Resident Evil: Afterlife (2010)

Av Asbjørn Ness

Resident Evil: Afterlife (2010)

IMDb: 5.8/10 from 68,028 users

Så eg gløymte at eg hadde sett filmen tidlegare, men eg sat med inntrykket frå byrjinga av at eg hadde. Litt forbi action-sekvensen som opnar filmer og presentasjonen av historia byrjar så fekk eg stadfesta mistanken min. Men då eg var komme så langt betydde det ikkje noko, for då hugsa eg også kor artig dette var.

Det eg likar med Resident Evil-filmane kan bli oppsummert i ei setning: Milla kan sloss! Heile vegen handlar det om alle måtane ho kan sloss på. I tillegg likar eg at Resident Evil aldri handlar om filosofering, psykologi og greier, men mest om å sloss.

Eg har ingenting i mot filmar med ei djupare meining. Men når det handlar om type film som Resident Evil er, så likar eg best dei som ikkje prøver å vere noko meir enn dei er meint å vere.

3/5

Om innlegget