Revenge of the Nerds (1984)

IMDb: 6.1/10 (10,307 votes)

«Revenge of the Nerds» har større underholdningsverdi enn mange av dei siste få åra sine collegekomediar, er tross sterkt 1980-talspreg tidlaus som dei fleste andre highschool- og collegekomediar, men ikkje spesielt nemneverdig om det beste skal trekkast opp av hatten. Kvalitet har heller aldri vore ordet dei fleste forbinder med National Lampoon, sjølv om det finst unntak, eg tenker først og fremst på «Animal House».

To brilleslangar av naivt kaliber er klare for college, allereie første dagen får dei trøbbel med sportsfolka og fell fort på plass i dei undertrykkte sine rekker. Det kan berre gå ein veg, nerdane samlar seg og vil ta hemn. Revenge of the Nerds har litt for lite handling og litt for mykje tull til at den kan score høgt på skalaen, underholdningsverdien, som nemnt innleiingsvis, er derimot på plass, saman med morosame rollefigurar i eit 1980-tals nerdenirvana under press frå menn utan hjerne i fotballknickers.

SÃ¥ kva meir er det Ã¥ sei om «Revenge of the Nerds»? Lite. Den hamnar godt i skuggen av «Animal House», men har overraskande nok fÃ¥tt tre oppfølgarar mot ingen for «Animal House». Det ligg vel kanskje noko i uttrykket «Ã¥ gi seg pÃ¥ topp», dÃ¥ dei som ikkje nÃ¥r toppen er dømt til evig repetisjon. Likevel, er du ute etter enkel collegehumor sats gjerne pÃ¥ film frÃ¥ dette tidsrommet i staden for moderne «rett-pÃ¥-video»-produksjonar som «American Pie Presents: Beta House».

6/10
Publisert 19. desember 2007 kl. 21:38 i Alle, Comedy merka som , , , .

Skriv ein kommentar