Rocky Balboa (2006)

IMDb: 7.7/10 (15,413 votes)

Rocky BalboaOg langt om lenge kom altsÃ¥ eit nytt og betre avsluttande kapittel pÃ¥ filmserien om legenda Rocky «The Italian Stallion» Balboa. Mannen drar pÃ¥ Ã¥ra, har starta ein koseleg liten restaurant og følger ser ut til Ã¥ følge ei rimeleg fast rutine. Ikkje spesielt givande, noko han sjølv har merka etter kvart, og det synst litt i væremÃ¥ten. Men blid og hyggeleg som han er, sÃ¥ gÃ¥r det ikkje ut over noko.

SÃ¥ ein dag blussar gløden opp igjen, og han føler for Ã¥ fÃ¥ ny bokselisens, kanskje bokse litt i ein lokal liga og pÃ¥ den mÃ¥ten gjere noko han verkeleg brenn for. Oppi dette kjem ei moglegheit om Ã¥ fÃ¥ møte notidas «champ».

Filmen tok meg litt på senga. Forventingane var låge. Det er jo grenser for kva ein kan få ut av ein seksar i rekka, og likevel gjere ære på Rocky-namnet. Men det er ein hyggeleg film, sett at ein finn seg til rette i den sentimentale tonen den bygger grunnmuren sin på. Forkunnskap skadar heller ikkje, men sjølv om eg utelukkande har sett «IV», så er det enkelt å forstå kva det heile baserar seg på.

Sylvester Stallone har ikkje skapt noko nytt med Rocky Balboa, men han har klart å få det beste ut av det heile. Som gamlingen han spelar er han perfekt; ekte på så mange måtar. Innimellom slår han til med eit par skikkeleg flaue vitsar, som slettes ikkje er meint å vere gode, men som så godt bygg under at han er pensjonert boksar og litt tullerusk blitt. Sprø er det derimot som fører han til ein av dei mest nervepirrande boksekampane eg har sett på film.

Rocky Whazzup Dog

No har eg vel rørt ved ein liten brøkdel av dei tankane eg gjorde meg undervegs, men det held. For i ei så aldri lita oppsummering kan Rocky Balboa beskrivast slik: I eit sportsdrama der den blankpolerte road-to-glory historia er erstatta med eit grovt og sentimentalt søken på meining med tilværelsen glitrar Stallone til både bak og framfor kamera med jordnær dialog, ein gladtrist undertone og ei knankandes avslutning.

8/10
Publisert 16. januar 2007 kl. 22:33 i Alle, Drama, Sport merka som , , , .

Ein kommentar til Rocky Balboa (2006)

  1. Arinbjørn

    Eg sÃ¥g filmen pÃ¥ premieredagen i oslo. I ein stappfull sal vart vi haldne pÃ¥ pinebenken medan Steffen Tangstad stutra frampÃ¥ om kva han meinte om dei forrige Rockyfilmane og to jenteboksarar frÃ¥ Oslo Boksklubb «underholdt» i bakgrunnen.

    Eg likte filmen. Den er er ikkje betre enn einaren, det var heller ikkje forventa, men eg var godt nøgd (tok meg sjølv i Ã¥ klemme dama i handa og mumle «kom deg opp, Rocky, kom deg opp!»

    Eller skal det nevnast at Rocky i Rocky V fikk eit ein fulltreffar i hovudet og pådrog seg ein hjerneskade, som visstnok kunne føre til at eit slag til mot hovudet hans kunne føre til permanent hjerneskade.

    Men Rocky vart tydelegvis ikkje hemmis, og det er godt han no har fadea inn i filmhistoria.

Skriv ein kommentar