Ein seriemordar er laus på den koreanske landsbygda i «Memories of Murder», to inkompetente politietterforskarar prøver så godt dei kan å finne ein skyldig, utan å sky drøye intervjumetodar. Det herskar ein håplaus situasjon både når det gjeld bevisbevaring og samarbeidsvilje i troppen, noko ein nyleg komen etterforskar frå Seoul får oppleve når han blir med i jakta på ein mordar som passar ein profil som er langt i frå avklart.
«Memories of Murder», som filmen så godt heiter internasjonalt, er ein fantastisk god film. Til grunne ligg ei god seriemordar/politi-historie som det skal meir til enn me ser på overflata, politimennene tilfører ein komisk vri til filmen, men er likevel så mykje meir enn berre dei håplause figurane me får servert innleiingsvis. Over heile linja leverar filmen både i pose og sekk, nydeleg bilde og skittent inntrykk, humor og alvor. At det aldri blir kjedeleg er ei av dei andre sterke sidene ved filmen, med ei spelelengde på over 2 timar kan ting lett stagnere, her blir det derimot stadig bygd vidare og filmen veks gradvis på meg, så når den er ferdig (etter ei fabelaktig slutt!) sit eg litt forfjamsa igjen.. på ein positiv måte, oppfyllt av ferske minner.

desember 2nd, 2007 at 01:22
Enig. En av de absolutt beste thrillerne verden har sett de siste ti årene!
desember 2nd, 2007 at 11:56
Bare 9/10? ;) Gir denne glatt 10/10, da denne filmen skiller seg så ut fra resten av sjangeren (ihvertfall av de jeg har sett)
desember 6th, 2007 at 19:35
Er den SÅ bra altså? Har alltid syntes den har sett litt sånn midt på treet ut, men tre så kloke hoder kan vel ikke ta feil. Dermed må den sees.
desember 6th, 2007 at 21:56
Skal vel innrømme eg synst den såg litt midt på treet ut sjølv før eg fekk sett den. I ettertid er det berre å bite i det sure eple.
desember 10th, 2007 at 14:43
Ser den fins både i R1 og R2. Hvilken utgivelse var det du så? Fornøyd med bilde og lyd?
desember 10th, 2007 at 14:51
Platekompaniet har ei Universal – Asision Vision utgÃ¥ve (til kr 99.50), sone 2 altsÃ¥, har ingenting Ã¥ utsette pÃ¥ den. Men er heller ikkje den største kritikaren av DVD-utgivelsar.
desember 10th, 2007 at 14:52
Den har forresten både DTS og alt frå engelske til norske undertekstar.