Scanners (1981)

IMDb: 6.7/10 (10,486 votes)

Scanners«Scanners» er ein forstyrrande film der me etter ein tidleg introduksjon av filmens hovudrolle Cameron Vale (Stephen Lack), blir teke med på ein ekskursjon gjennom eit samfunn av menneske og scanners, og gradvis får avslørt ein maktkamp som ikkje er så enkel som den kan verke ved første blikk. Scanners ser ut som vanlege menneske, men har ei telepatisk emne som gjer at dei kan styre og føle andre sine nervesystem. Eit mektig våpen i feil hender, som kan brukast til kjekke ting som blant anna å sprenge ein persons hovud i lufta! Forstyrrande til tider (på ein god måte), ein film der ikkje alt er svart/kvitt, der musikken er av Howard Shore og der filmen gjer ein akkurat stor nok twist til at det ikkje blir kjedeleg. Dette og ein prestasjon av Michael Ironside som får meg til å tenke på Jack Nicholson, er nok til å bli ein solid halvannen time.

7/10
Publisert 1. januar 2007 kl. 12:21 i Alle, Horror, Sci-Fi, Thriller merka som , .

Skriv ein kommentar