Scary Movie 4 (2006)

IMDb: 5.2/10 (9,660 votes)

Scary Movie 4No skal eg ikkje skryte dei førre filmane i serien opp i skyene, for «Scary Movie» har aldri vore noko spesielt merkverdig, men nummer 4 er vel eigentleg like greitt å oversjå. Eg hadde absolutt ingen forventingar til filmen, og blei på ein måte overraska når det viste seg at det faktisk var ei historie her. Historie med sarkastisk undertone fordi det eigentleg er «The Grudge» og «War of the Worlds» som blir ekstra parodiert og hamnar i midten. Filmen går «Date Movie» ein høg gang og, så vurdert på den måten er dette ein ganske OK film.

Skal ein derimot sjå nærmare på filmen, så er det berre mange lause bitar som ikkje heng saman. I eit forsøk på å skape så mykje moro som mogleg har dei prøvd å parodiere ein god del over heile linja, der nokon filmar går opp igjen. To av desse nemnte eg tidlegare, ein anna er «Brokeback Mountain». Eg sit igjen med kjensla av at filmen har jobba for lite med kvar enkelt parodi, og spedd på ein solid dose slapstick for å kompensere for dårleg skodespelararbeid. Craig Bierko og Anna Faris er hovudpersonane her, Bierko som ein parodi på Tom Cruise og Faris som ein parodi på Sarah Michelle Gellar. Førstnemnte er til tider mogleg å sjå likskapen i, og sluttscena som er ein parodi på «The Oprah Winfrey Show» er faktisk ganske festleg. Men likskapen mellom Cindy Campbell (Faris) og Gellar såg eg aldri. Gellar er ein person som aldri heilt har stått fram i media som ei utruleg særeigen dame. Det blir difor eit dårleg trekk å ha Faris med her, men poenget med Cindy Campell var nok kanskje meir for å ha ei greie som filmane heng saman om. «Scary Movie 5», som er annonsert for 2008, er ingen unntak.

Som mange andre Hollywood-komediar, for å gi eit felles kallenamn på det meste av det dei store studio spyr ut med, så er det dei små glimta innimellom som klarar å halde filmen i live. Eg har vore borti fleire komediar som tross betre samanheng i handling og historie har vore verre enn dette, her vil eg nemne «Fun with Dick and Jane», litt fordi eg ikkje fekk sagt nok tidlegare kor kjedeleg den er. Måten Sheen landa i asfalten på og nakkane blir knekte under boksekampen fekk meg til å trekke på smilebandet. Men å rote til med Leslie Nielsen i ein slik komedie er å grave si eiga grav. La oss håpe det aldri blir ein «Scary Movie 5».

Avslutningsvis vil eg komme med ein pÃ¥stand. Eg tør pÃ¥stÃ¥ at folk som ikkje har sett filmane som blir parodierte, med unntak av avslutningsscena, vil ha det neste like kult Ã¥ sjÃ¥ denne filmen som andre. Eg har sett det meste til denne, og hadde det mindre gøy enn nÃ¥r eg sÃ¥g «Scary Movie» for nokre Ã¥r sidan — ein film eg nok berre hadde sett ein brøkdel av filmane den parodierte den gongen. Det kan likevel vere greitt Ã¥ vite at Craig Bierko parodierar Tom Cruise.

2/10
Publisert 15. august 2006 kl. 23:31 i Alle, Comedy, Horror merka som , .

2 kommentarar til Scary Movie 4 (2006)

  1. TMwtP

    Hehehe! Denne var jo kjempefestlig, da! :D
    Forskjellig hvilke filmer man liker og ikke liker selvsagt. Kommentar: Greit nok at Bierko parodierer Tom Cruise, men det var jo sønnen i den familien som var *prikk lik* Cruise utseendemessig og som satte en spiss på det hele!

  2. Asbjørn Ness

    … men det var jo sønnen i den familien som var *prikk lik* Cruise utseendemessig

    Det tenkte eg aldri over i grunn, skal legge meir merke til det neste gong eg ser filmen … hmm, sa eg neste gong? ;) Hehe, neidÃ¥. Den fungerar som tidtrøyte, men til og med min sans for barnsleg humor begynnar Ã¥ gÃ¥ lei av prompescener som den Carmen Electra bidrog med i ‘The Village’-delen. Ein del av den humoren som trakk ned for meg.

Skriv ein kommentar