Scrubs sesong 5

Scrubs sesong 524 episodar.

Det var lenge usikkert om Scrubs skulle fortsette, men godt utpå hausten blei det kunngjort at showet skulle starte igjen like etter nyttår, og då med 2 episodar i veka fram til OL. Det blei altså 12 episodar på 6 veker, noko som gjorde at serien fekk ein litt meir engasjerande start enn vanleg.

Eg har spekulert litt omkring at viss serien hadde gått som vanleg i starten, med ein episode i veka, om eg ville ha hatt same tankane om sesongen då. For dei første episodane var ikkje dei mest morosame eg har sett, noko som kan ha med å gjere at eg aldri har følgt med serien på eit vekeleg basis, og har eit anna forhold til den. Men etter kvart tok serien seg opp på godt nivå, og eg er ganske så fornøgd no i ettertid.

Hovudforskjellen frå før, er at no har J.D. blitt ferdig utdanna doktor. Han er ikkje lengre ein sjukehuskandidat, men har faktisk eigne kandidatar å passe på. Dette gjer at han stille på eit nesten same nivå som Dr. Cox, og blir meir respektert. J.D. er ikkje lengre ein uskuldig tilsett som skal bli passa på, dum og naiv, men tek den nye stillingen sin så alvorleg som ein doktar skal (i den grad han er J.D.). For oss sjåarar betyr det at humoren litt oftare blir avveksla med alvor, men dette går ikkje på bekostning av humoren heller. Eg vil heller sjå på det som positivt, sidan det ikkje blir ein sesong full av deja-vu på ting som har skjedd før. Ja, reint bortsett frå My Déjà Vu, My Déjà Vu (måtte berre nemne den episoden).

SÃ¥ gjenstÃ¥r det Ã¥ sjÃ¥ nÃ¥r neste sesong vil komme, NBC har gitt grønt lys for den, men ikkje sagt noko om tidsrommet den vil komme pÃ¥. For min del kan dei godt vente til neste januar, for 2 episodar i veka er ein fin ordning. Noko som That ’70s Show ogsÃ¥ har gjort no mot slutten av aller siste sesong.

Publisert 17. mai 2006 kl. 11:24 i TV Ferdig merka som , .

Skriv ein kommentar