Scrubs sesong 7

11 episodar.

«Scrubs» sin sjuande sesong blei skuffande kort, eg og sikkert mange andre såg fram til ein solid runde med sjukehuskomedien då dei i motsetning til sesongen før faktisk starta opp så tidleg som i oktober. Så kom streiken, tv-nettverket som var usikker nok frå før vingla endå meir og det var stor skepsis til om dei ferdiglaga episoden ville komme til å bli sendt. Heldigvis blei dei det, men elleve episodar er ikkje stort! No går rykta på høgt nivå at ABC har kjøpt opp serien og vil sende den frå hausten av, så det lovar bra for Braff og gjengen.

Om episodane er det ikkje all verden å seie, eg har sett betre i «Scrubs»-samanheng, men serien er framleis morosam, sjølv om den nok har mista litt av sjarmen frå dei yngre dagane. På ei anna side kan ein såleis sjå ei utvikling i seriens karakterar og nivået i deira seriøsitet. Dette betyr ikkje at J.D. og Turk styrer unna barnslegeheitane, dei er det endå nok av. Grunnen til at eg ikkje er heilt med er at episodane heng litt lausare saman, som igjen får meg til å vurdere spøkane med eit skarpare sinn.

Publisert 13. mai 2008 kl. 12:49 i TV Ferdig merka som , .

Skriv ein kommentar