18 episodar.
Ein tidlegare komediefavoritt er no avslutta, med ein ekstra lang episode på slutten som tek meg tilbake til stordomstider. «Scrubs» har ikkje vore like bra siste tre åra som før, etterkvart som rollefigurane har blitt meir modne, men det har alltid vore nok humor, og nok handling til å drive det framover. For det totale inntrykket av serien skulle eg ønske den hadde blitt avslutta før, noko eg har uttrykkt tidlegare. At fleire skodespelarar har vore fråverande i enkeltepisodar av denne siste sesongen har vore ein nedtur, spesielt når det skjedde med hovudrolleinnhavar Zach Braff eller bestevennen hans, Donald Faison.
