13 episodar.
Scrubs har blitt avslutta fleire år på rad, heilt sidan sjette sesong har den runda av, men stadig komme tilbake. Tre sesongar og byte av nettverk er ei lita bragd, men tapet av Zach Braff nokre episodar ut i ein amputert, niande sesong, ser ut til å vere meir enn serien kan tåle.
Humoren har blitt verande den same, men niande sesong har fjerna eit par kjente ansikt og erstatta plassane med fleire nye karakterar. Med undertittelen Med school har det skjedd ei forflytting av sjukehuset Sacred Heart, til å bli ein del av Winston University, og Scrubs har på mange måtar gått tilbake til oppskrifta til første sesong.
Samanlikna med det beste av Scrubs er dette ein svak sesong, men sanninga er at serien ikkje har vore på topp på ei stund, så overgangen er ikkje den største. Forrige sesong gav oss ei skikkeleg avslutting, og endå fleire episodar blir berre ein rein bonus. Utover sesongen veks dei nye karakterane, men av di Scrubs har ei historie på åtte sesongar, skuggar mangelen på tapte karakterar over potensiale dei nye har. For som nemnt før, humoren er den same, den har berre gått på tomgang ei stund.
ABC har ikkje bestemt seg for framtida til serien, men dalande sjåartal talar for seg. Når det gjeld Scrubs er det likevel aldri godt å vite.
